Namnet Liv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå liv for andre tydingar.

Liv er eit kvinnenamn av norrønt opphav som opphavleg tyder vern (norrønt hlíf). I nyare tid blir namnet ofte forstått som (biologisk) liv og blir sett på som ei norsk form av Eva. I Noreg var det mest populært på byrjinga av 1940-talet då det i nokre år var 3. mest brukt av jentenamn. Liv har namnedag 2. oktober.

Live og Liva er variantar av namnet, og Livar er ei namnesamansetjing for menn. Namna Livia og Livius har eit anna opphav, dei er romerske namn.

I norrøn gudetru skal Liv og Livtrase bera livet vidare etter Ragnarok.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • ssb.no - tabell over dei 10 mest brukte jentenamna sidan 1880.