Nasjonalbibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nasjonalbibliotek er eit bibliotek som har som hovudoppgåve å syte for å få samla inn, teke vare på og gjere tilgjengeleg dei bøkene og somme andre spesifikke typar trykksakar som har kome ut i landet, og i seinare tid dessutan materiale som er publisert over internett. Nasjonalbiblioteket har gjerne rett til å få eit nærare fastsett mengd eksemplar av kvar nyutgjeving i landet tilsendt utan kostnad, såkalla pliktavleveringseksemplar.

Ofte ligg det òg til eit nasjonalbibliotek å take vare på gamle historisk verdfulle handskrift. Fotografi og anna biletmateriale, forfattarars bokmanuskript, brev og anna, og ymse materiale som ikkje er offentleggjort, men av offentleg og forskingsmessig interesse å take vare på for ettertida, er det òg ofte lagt til nasjonalbiblioteket å take vare på. Somme administrative oppgåver av offentleg karakter, som til dømes å tildele ISBN-nummer (internasjonalt standard boknummer) til bøker som vert gjeve ut i landet, og halde eit register over utgjevingar og publikasjonar, er dessutan av dei oppgåvene som gjerne er lagt til nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteka er vanlegvis statlege, og i dei fleste land er det slike bibliotek. Mange land som framleis er kongedøme eller som tidlegare har vore kongedøme, har eit nasjonalbibliotek med opphav i tidlegare kongelege boksamlingar, til dømes Bibliothèque nationale de France. I Danmark har nasjonalbiblioteket namnet Det Kongelige Bibliotek, i Sverige er namnet Kungliga biblioteket, men i Finland er det universitetsbiblioteket i Helsinki, Helsingin Yliopiston Kirjasto, som har denne funksjonen. Andre bibliotek med same funksjon er Landsbókasafn Íslands på Island, Deutsche Nationalbibliothek i Tyskland, The British Library i England, Library of Congress i USA og Russiske statsbibliotek i Russland. I Noreg har Nasjonalbiblioteket desse oppgåvene.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.