National Gallery of Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
National Gallery of Canada

StadOttawa, Ontario
Skipa1880
Kart
National Gallery of Canada
45°25′46″ N 75°41′54″ W
Tårnet på National Gallery of Canada
Den indre skulpturgarden
Maman av Louise Bourgeois står utanfor inngangen til museet

National Gallery of Canada (fransk Musée des beaux arts du Canada) er eit kanadisk kunstmuseum i hovudstaden Ottawa.

Museet held til i eit granitt- og glasbygg på Sussex Drive med utsyn mot det kanadiske parlamentet på Parliament Hill. Bygget blei teikna av Moshe Safdie og innvigt 1988.[1]

Museet blei skipa i 1880, og flytta i 1880 inn i det første bygget sitt på Parliament Hill, same bygg som øvsteretten i Canada. I 1911 flytta museet til Victoria Memorial Museum, som no husar Canadian Museum of Nature. I 1962 flytta museet til ein upretensiøs kontorbygning ved Elgin Street, og til slutt i 1988 til det noverande bygget på Sussex Drive like ved åsen Nepean Point.

Museet tek hovudsakleg for seg kanadisk kunst, men har òg europeiske verk. Av kanadiske kunstnarar kan ein mellom anna nemna Tom Thomson og Group of Seven og dessutan av Emily Carr og Alex Colville.[2]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: National Gallery of Canada