Marc Chagall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marc Chagall
Marc Chagall 1941 cut.jpg
Verkeleg namn jiddisch מארק שאגאל, Moyshe Segal
Pseudonym Shagal, Moishe
Fødd 7. juli 1887
Liozna, Vitsiebsk
Død

28. mars 1985 (97 år)
Saint-Paul-de-Vence

Yrke kunstmålar, kunstnar, grafikar, lyrikar, litograf, designar, grafikar, illustratør, scenograf, bilethoggar, bygningstegner, keramikar, teiknar
Språk fransk, russisk
Sjanger avantgarde, dyremåleri, landskapsmåleri, portrett, religiøs kunst, kunstmålar, scenograf, lyrikar
Ektefelle Bella Rosenfeld, Virginia Haggard, Valentina Brodsky
Born David McNeil, Ida Chagall
Marc Chagall på Commons

Marc Chagall (7. juli 188728. mars 1985), opphavleg Mojsje Zaharovitsj Sjagalov, var ein belarusisk-jødisk ekspresjonistisk målar. Han er særleg kjend for sine mange bilete med motiv frå barndomslandskapet i Belarus, og frå Bibelen, gjerne i reine, skarpe fargar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Orpheus, 1914-15.

Chagall var fødd i Vitebsk i dagens Belarus som den eldste av ni sysken, far hans var fiskehandlar. Ein lukkeleg barndom i fattige kår påverka han i hans arbeid livet ut. I 1906 byrja han studere under målaren Jehuda Pen. Året etter flytta han til St. Petersburg der han studerte på det keisarlege kunstakademiet under Nicholas Roerich. Chagall budde i St. Petersburg til 1910.

Etter å ha fått eit namn som målar, flytta Chagall til Paris for å ha kontakt med kunstnarmiljøa i bydelen Montparnasse. I 1914 vende han tilbake til Vitebsk, der han gifta seg med Bella Rosenfeld som han trefte i 1909. Chagall tok på sitt vis del i den russiske revolusjonen, og det sovjetiske kulturministeriet utpeika han til kommissær for biletkunst i Vitebsk-distriktet. I den tida han var kulturkommissær grunnla han ein kunstskule. Men Chagall kom på kant med aktivistiske, politiske krinsar, og med familien flytta han til Moskva i 1920 og vidare til Paris i 1923.

I 1937 hamna konfiskerte verk av Chagall på den utstillinga Nazi-Tyskland viste i München av såkalla Entartete Kunst. Då Tyskland okkuperte Frankrike under den andre verdskrigen, flykta Chagall frå Paris. Familien gjekk i dekning i Villa Air-Bel i Marseille og fekk hjelp til å flykte gjennom Spania og Portugal av den USA-amerikanske journalisten Varian Fry.

Frå 1941 til 1946 budde Chagall i USA. Han vende deretter tilbake til Europa og slo seg etter kvart ned i landskapet Provence i Frankrike. I denne perioden oppdaga han atter den vitale energien i fargar. Arbeida hans frå denne perioden var inspirert av kjærleik og livsglede med kurva former og figurar. Han byrja også å arbeide med skulpturar, keramikk og farga glas.

Han døydde i Saint-Paul-de-Vence i Provence.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Marc Chagall