Kanadisk kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omformingsmaske laga av kwakwaka'wakwfolk på 1800-talet.

Kanadisk kunst oppstod blant kanadiske urfolk og hadde særleg form av skulpturar i stein, bein, tre og liknande.[1] Ei kjend form frå vestkysten er totempålar, medan vardetypen inuksuk var utbreidd i nord.

Den største samlinga av kanadisk urfolkskunst finst i dag ved National Museum of Man i Ottawa.[1]

Europeisk innverknad[endre | endre wikiteksten]

Cornelius Krieghoff, Indian Wigwam in Lower Canada, National Gallery of Canada.

Kunsten i fransk Canada på 1600- og 1700-tallt var knytt til den katolske kyrkja. Særleg typisk var kyrjkeutsmykking og religiøse treskulpturar.[1]

I engelsk Canada var motiv frå naturen populære, til dømes fjell og fossar. Etter kvart blei også heroiserande slagmotiv og portrett av generalar og indianarhovdingar vanlege. To kunstnarar som blei svært populære var Paul Kane og Cornelius Krieghoff.[1]

Florence H. McGillivray , Afterglow, ca. 1914, National Gallery of Canada.

Frå slutten av 1890-åra blei kunsten påverka av fransk impresjonisme. Kring 1910 oppstod det i Toronto ein reaksjon på denne kunsten, og nokre målarar gjekk sammen i gruppen Group of Seven, som ville skapa ein ny og eigen kanadisk kunst. Dei var hovudsaklEg landskapsmålarar og valde motiv frå villmarka. Formspråket deira var figurativt, og det finst parallellar i mellom anna samtidig norsk nasjonalromantisk og symbolistisk måleri. Gruppa bestod av Tom Thomson (1877-1917), J.E.H. MacDonald (1873-1932), Lawren Harris (1885-1970), Arthur Lismer (1885-1909), F. Horsman Varley (1881-1969), Franklin Carmichael (1890-1945) og Frank H. Johnston (1888-1949).[1]

Canadian Group of Painters, som hadde mykje til felles med Group of Seven, hadde sterke ekspresjonistiske trekk. Emily Carr frå British Columbia skapte bilde med motiv fra urfolkskulturen på vestkystøyane.[1]

Modernisme[endre | endre wikiteksten]

Indiansk, inuittisk og asiatisk kunst har også vore ei viktig inspirasjonskjelde i moderne kanadisk kunst. I 1960-åra starta kanadiarane KSAN-prosjektet, som gjekk ut på å blåsa nytt liv i urfolkskunst, også litteratur og musikk. Ein tok opp igjen gamle tradisjonar, legender og myter, og søkte tilbake til dei eldste kjende mønstera og stilretningar innen treskurd og annan biletkunst.[1]

Modernismen hadde lenge problem med å finna fotfeste i Canada. Gjennombrott kom først i 1948 i Québec. I spissen for ei avantgardistisk rørsle, den såkalla automatismen, stod Paul-Émile Borduas. Dette innebar eit definitivt gjennombrot for ein franskpåverka surrealisme og abstrakt kunst i Canada.[1]

Frå 1950-åra framstod Toronto som metropolen, også kunstnarisk. Gruppa Painters Eleven var framtredane, med sentrale figurar som J.W.G. MacDonald, Jack Bush, Harold Town og William Ronald. Av den meir internasjonalt orienterte gruppa rundt galleriet Isaac kan nemnast sentrale namn som Michael Snow, Graham Coughtry, Joyce Wieland, Gordon Rayner, Dennis Burton, Robert Hedrick og John Meredith.[1]

I 1960- og 1970-åra opplevde Canada ein ny nasjonalisme som sprang ut frå ønsket om meir sjølvstende frå USA. Den nasjonalistiske kunstnargruppa rundt Jack Chambers og Greg Curnoe blei dominerande. Moderne kanadisk kunst har likevel vore sterkast påverka av amerikansk kunst, særleg av Jackson Pollock. Ein framtredende internasjonalt orientert og kjend kunstnar var Jean Riopelle (1923-2002).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 «kunst i Canada» (7. november 2012) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kanadisk kunst
Litteratur