Naturleg hydrogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturleg hydrogen, kvitt hydrogen eller gullhydrogen er hydrogen frå naturlege kjelder. Det er uvisst kor store mengder naturleg hydrogen som finst på jorda og kor mykje som vert laga kvart år.[1] Ei av dei største kjende straumane av naturleg hydrogen per februar 2024 finst i Bulqizë-gruva i Albania, der det er estimert at 200 tonn hydrogen per år lek ut i atmosfæren.[2]

I landsbyen Bourakébougou i Mali vart ei naturleg hydrogenkjelde knytt til ein vassbrunn nytta i nokre år til å laga elektrisitet til innbyggjarane med ein forbrenningsmotor.[2]

Dei viktigaste kjeldene til naturleg hydrogen er rekna for å vera to reaksjonar som involverer vatn. Den viktigaste skal vera serpentinisering, der jarn i jarnrike mineral som olivin bind seg til oksygenatoma i vassmolekyla og dannar hydrogengass. Den andre er radiolyse av vassmolekyl ved kjernefysisk stråling frå radioaktive grunnstoff i jordskorpa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.