Negohot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Negohot
landsby
Beit Awwa Negohot crop.jpg
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°29′34″N 34°59′0″E
Kart
Negohot
31°29′34″ N 34°58′0″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Negohot

Negohot (hebraisk skrift נגוהות) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing sør i Hebron-fjellet på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg på ein ås, 700 meter over havet, vest for Hebron-området, og er underlagt Har Hebron regionale kommune. Den nærmaste israelske staden er Shekef, ein moshav som ligg nokre kilometer over på den andre sida av Den grøne linja i Hevel Lakhish-området i Shephelah. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Landsbyen vart først grunnlagd i 1982 som ein militær pionerutpost for Nahal. I 1998 vart landsbyen gjeven over til soldatar som renoverte staden og som vart verande der med familiane sine då militærtenesta deira var over. I 2007 budde det 20 familiar på staden, inkludert 150 menneske.

Den 25. september 2003 kom ein palestinsk militant frå Islamsk Jihad seg inn i landsbyen og tok livet av to innbyggjarar, mellom anna eit sju månader gammalt jentebarn, medan familien heldt eit festmåltid.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  2. israelske civilians killed by Palestinian in the West Bank, arkivert frå originalen 3. juni 2011, henta 15. september 2015