Hebron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°32′00″N 35°05′42″E
Hebron
חֶבְרוֹן, الخليل, Al-Khalīl, Al-Ḫalīl
kommune
Hebron172.JPG
Sentrum av Hebron
Våpenskjold
Kallenamn: Patriarkbyen
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°32′00″N 35°05′42″E
Areal 74,102 km² [1]
Folketal 250 000 (2007) [2]
Folketettleik 3 374 / km²
Bystatus 1997
Borgarmeister Daoud Zatari
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hebron
Nettstad: www.hebron-city.ps

Hebron (arabisk الخليل, al-Khalīl; hebraisk חֶבְרוֹן, Ḥevron; tyrkisk Halilürrahman, gammalgresk Hebrṓn, Χεβρών) er ein palestinsk[3][4][5][6] by sør på Vestbreidda, 30 km sør for Jerusalem. Han ligg i Judeafjella, 930 meter over havet. Han er den største byen på Vestbreidda, og den nest største i Dei palestinske territoria etter Gaza, med kring 250 000 innbyggjarar,[2][7] og mellom 500 og 850 jødiske busetjarar i Otniel og i gamlebyen.[8][9][10][11][12] Byen er delt inn i to område: H1, kontrollert av Den palestinske sjølvstyresmakta og H2, kring 20 % av byen, som er administrert av Israel.[13] Byen er mest kjend for dei tradisjonelle gravplassane til dei bibelske patriarkane og matriarkane og er derfor rekna som den nest mest heilage byen i jødedomen etter Jerusalem.[14] Byen er òg høgt verdsett av muslimar fordi han er knytt til Abraham[15] og var tradisjonelt ein av dei «fire heilage byane i islam.»[16][17][18][19]

Hebron er eit travelt handelssenter på Vestbreidda, og står for kring ein tredjedel av bruttonasjonalproduktet i området, hovudsakleg på grunn av sal av marmor frå steinbrot.[20] Han er lokalt kjend for druer, fiken, kalkstein, keramikkverkstader og glasblåsarfabrikkar, og her ligg ein stor meieriprodusent, al-Junaidi. Gamlebyen i Hebron er prega av smale, svingete gater, steinhus med flate tak og gamle basarar. Hebron universitet og Palestina polytekniske universitet ligg i byen,[21][22] som elles ikkje har kinosalar eller andre stader for underhaldning.[13] Hebron flyt over i byane ad-Dhahiriya, Dura og Yatta som ligg i området rundt.

Hebron er òg det administrative setet i Hebron guvernement, som er det største palestinske guvernementet med 600 364 innbyggjarar (2010).[23]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Hebron» er spora attende til to semittiske røter, som går saman i forma ḥbr, og som går att i hebraisk og amorittisk og syner til ei rekkje tydingar som «kollega», «samla» eller «ven». Den opphavlege tydinga av Hebron kan ha vore allianse.[24]

Det arabiske omgrepet kjem frå eit tilnamn for Abraham i Koranen, Khalil al-Rahman (arabisk إبراهيم خليل الرحمن) «Elska av den Nådige» eller «Guds ven».[25][26] Det arabiske Al-Khalil er dermed ei omsetjing av det gamle hebraiske namnet Ḥebron, som vert tolka som ḥaber (ven).[27]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kanaanittisk tid[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har avdekt kraftige forsvarsverk datert til tidleg i bronsealderen. Desse dekkjer 24-30 mål kring Tell er-Reumeidah. Byen blømde på 1600- og 1700-talet fvt. før han vart øydelagd i ein brann. Han vart busett på ny seint i mellombronsealderen.[28][29] Hebron var opphavleg ein kanaanittisk kongeleg by.[30] I samband med soga om Abraham er byen knytt til hetittane. Ein har gissa på at Hebron kan ha vore hovudstaden i Gath shuwardata, ein indoeuropeisk samtidig til regenten i Jerusalem, Abdi-Kheba,[31] sjølv om Hebronfjella nesten var utan busetjingar seint i bronsealderen.[32] I soga om den seinare hebraiske erobringa, var Hebron eit av to senter som kaananittane kontrollerte og vart styrt av dei tre sønene til Anak (benê/yelîdê hā'ănaq),[33] etterkomarar etter Nefilim[34] Første Mosebok nemner at han tidlegare vart kalla Kirjath-arba, eller «byen av dei fire», som kan ha vore ein referanse til fire par som låg gravlagd her, eller fire stammer, eller fire kvarter,[35] fire åsar,[36] eller ei samband av fire familiar.[37]

Historia om då Abraham kjøpte Patriarkgrotta frå hetittane er opphavet til at jødane vart knytt til området[38] sidan det uttrykte den første «faste eigedomen» i Israel lenge før det vart erobra under Josva.[39] At Abraham slo seg ned her er skildra som den første pakta hans, ein allianse med to lokale amoritt-klanar som vart hans ba’alei brit eller meistrar av pakta.[40] Dei abrahamske tradisjonane tilknytte Herbon er nomadiske, og kan òg vise til eit kenittisk element, sidan dei nomadiske kenittane er sagt å ha okkupert byen i lange tider,[41] og at Heber er namnet på ein kenittisk klan.[42]

Israelittisk tid[endre | endre wikiteksten]

Utgravingar på Tel Rumeida.

Hebron i Bibelen låg på staden som i dag vert kalla Tel Rumeida, medan det rituelle senteret låg i Elonei Mamre.[43] Det er sagt at han vart erobra frå kanaanittane av anten Josva, som skal ha utsletta dei tidlegare innbyggjarane, «han lét ingen overlevande vera att. Alt levande slo han med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre», [44] eller Juda eller Kaleb.[45] Sjølve bye og områder rundt, er då sagt å ha blitt gjeve til [levittane]] frå Kohath-klanen, medan markene i byen, i tillegg til dei kringliggande landsbyane, vart gjevne til Kaleb,[46][47] som dreiv bort dei tre kjempene Sheshai, Ahiman og Talmai, som styrte byen. Seinare fortel Bibelen at kong David regjerte frå Hebron i kring sju år. Det var her dei eldre i Israel kom til han for å gjere ei pakt føre Elohim og salva han som konge av Israel.[48] Det var igjen i Hebron at Absalom erklærte seg sjølv konge og så starta opprør mot faren sin David.[49] Det vart ein av dei viktigaste byane til Juda-stamma og var ein av dei seks tradisjonelle «tilfluktsbyane».[50]

Hebron heldt fram å vere eit viktig, lokalt økonomisk senter, og låg strategisk til langs handelsrutene i området, men han vart verande administrativt og politisk under Jerusalem.[51]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Samson fjernar portar frå Gaza (venstre) go hentar dei til Hebronfjellet (høgre). Strassburg (1160–1170), Landesmuseum Württemberg i Stuttgart

Etter øydelegginga av Det første tempelet, vart dei fleste jødiske innbyggjarane i Hebron sende i eksil, og i følgje det tradisjonelle synet,[52] tok edomittar over kring 587 fvt. Somme jødar verkar å ha kome attende dit etter eksiltida i Babylon.[53] Under makkabearane vart Hebron plyndra av Judas Makkabeus i 167 fvt.[54][55] Byen verkar å ha stått i mot den hashmoneiske makta i lang tid, og så seint som den første jødisk-romerske krigen vart han framleis rekna som Idumean.[56] Herodes den store bygde muren som framleis står kring Patriarkgrotta. Under den første krigen mot romarane, vart Hebron erobra og plyndra av Simon Bar Giora, ein Sicarii-leiar, utan at det vart ytt blod. Den «vesle byen» vart seinare lagt aude av offisieren til Vespasian, Cerealis.[57] Josefus skreiv at han «drap alle han fann der, unge og gamle, og brende ned heile byen.» Etter nederlaget til Simon bar Kokhba i 135 evt., vart mange jødiske fangar selde som slavar på slavemarknaden Terebinth i Hebron.[58][59]

Byen vart ein del av Austromarriket i provinsen Palaestina Prima og Det austlege bispedømet. Den bysantinske keisaren Justinian I reiste ei kristen kyrkje over Patriarkgrotta på 500-talet evt., som seinare vart øydelagd av sassanide-generalen Shahrbaraz i 614 då hæren til Khosrau II kringsette og tok Jerusalem.[60] Jødane fekk ikkje lov tilå bu i Hebron under bysantinarane.[14] Sjølve heilagdomen vart spart av persarane, med omsyn til dei mange jødane som deltok i sassanidehæren.[61]

Islams tid[endre | endre wikiteksten]

Hebron var ein av dei siste byane i Palestina Prima som fall til den islamske invasjonen på 600-talet, noko som kan vere årsaka til at Hebron ikkj er nemnt i nokre av segnene om den arabiske erobringa.[62] Etter byen fall, skal erobraren av Jerusalem, kalif Omar ibn al-Khattab ha gjeve jødane løyve til å reise ei lita synagoge innafor muren Herodes reiste.[63]Rashidun-kalifatet styret tok over Hebron i 638, omgjorde dei den bysantinske kyrkja over grava til Abraham til ein moské.[14] Det vart ein viktig stasjon for karavaner langs handelsruta frå Egypt, og var òg ein stoppestad for pilegrimar på veg frå Damaskus.[64] Handelen auka kraftig, særleg med beduinar i Negev (al-Naqab) og folkesetnaden aust for Daudehavet (Baḥr Lūṭ). I følgje Anton Kisa, grunnla jødar frå Hebron (og Tyr) den venetianske glasindustrien på 800-talet.[65] Islam såg ikkje på byen som viktig før på 900-talet, og var nesten ikkje nemnt i muslimsk litteratur frå den tida.[66] Geografen al-Muqaddasi skildra i 985 byen som følgjer:

'Habra (Hebron) er landsbyen Abraham al-Khalil (Guds ven)...Her ligg ei mektig festning...med enorme firkanta steinar. I midten står ein kuppel av stein, bygd i islamsk tid, over gravminnet til Abraham. Grava til Isak ligg framom, i hovudbygningen til moskeen, grava til Jakob bakom, og vendt mot desse profetene ligg konene deira. Bygningen er omgjort til ein moské og kring moskeen er kvilehus for pilegrimar. Ein liten vasskanal er bygd for dei. På landsbygda kring byen ligg landsbyar i kvar retning, med druer og eple kalla Jabal Nahra. Mykje av frukta vert tørka og sendt til Egypt. I Hebron er det offentlege gjestgjevariet alltid open, med ein kokk, ein bakar og tenarar. Desse gjev rettar med linser og oliven til kvar ein fattig person som kjem hit, og til dei rike òg, om dei ønskjer å delta. Dei fleste omtalar dette som eit framhald av gjestgjevariet til Abraham, men det er i røynda ein waqf for Tamim-al Dari (ein følgjesvein til profeten Muhammed) og andre.... Amiren av Khurasan...har gjeve tusen dirham kvart år til dette føremålet, al-Shar al-Adil har gjeve ein stor sum. Eg kjenner ikkje til noko hus som er så gjestfritt og glimrande som dette.»[67]

Geniza-dokument frå denne tida refererer berre til «patriarkgravene» og avslører at det var eit organisert jødisk samfunn i Hebron som hadde ei synagoge nær gava, og at han var busett av jødiske pilegrimar og handelsfolk.[68]

Krossfararane[endre | endre wikiteksten]

Kalifatet i området varte til 1099, då den kristne krossfararen Godfrey de Bouillon tok Hebron og kalla han «Castellion St. Abraham».[69] Han vart ein hovudstad for det sørlege distriktet i krossfararkongedømet[70] og gjeven til biskopen Gerard av Avesnes, som eit len.[71] Den frankiske garnison i byen var utrygg, 'ikkje meir enn ei øy i eit muslimsk hav'.[72] Krossfararane omgjorde moskée og synagoga til ei kyrkje. I 1106 kom eit egyptisk felttog inn i sørlege Juda og klarte nesten året etter å ta Hebron frå krossfararane under Baldwin I av Jerusalem, som personleg leia motåtaket for å så dei muslimske styrkane. I 1113, under regjeringstida til Baldwin II av Jerusalem, skal i følgje Ali of Herat (som skreiv dette i 1173), ein del av Abrahamgrotta ha falle saman, og «fleire frankarar hadde gått inn der». Og dei oppdaga «lekamane etter Abraham, Isak og Jakob», «likkleda dei hadde falle frå kvarandre, og kongen gav dei nye likklede og lukka staden på ny». Ibn at Athir skreiv noko liknande i 1119; «Dette året vart grava til Abraham og dei to sønene hans Isak og Jakob, opna. Mange folk såg patriarken. Lemma deira hadde ikkje blitt uroa og ved sidan av dei låg lampar av gull og sølv.»[73] Ibn al-Qalanisi, ein historikar og adelsmann frå Damaskus, skreiv på denne tida at oppdaginga av desse leivningane, som gav seg ut for å vere leivningane til Abraham, Isak og Jakob, førte til stor merksemd hos alle dei tre religiøse samfunna i den sørlege Levanten, både muslimane, jødane og dei kristne.[74][75] Mot slutten av krossfarartida, i 1166, vitja Maimonides Hebron og skreiv,

'Søndag 17. oktober drog eg frå Jerusalem til Hebron for å kysse grava til stamfedrene mine i grotta. På den dagen stod eg i grotta og lovpriste Gud for alt'.[76]

Det kongelege området Hebron vart gjeve til Filip av Milly i 1161 og vart ein del av Transjordan len. Det vart utpeikt ein biskop i Hebron i 1168 og den nye domkyrkja St. Abraham vart bygd i sørenden av Haram.[77] I 1167 vart Hebron bispedøme oppretta i lag med bispedøma i Kerak og Sebastia (grava til Johannes døyparen).[78]

I 1170 vitja Benjamin frå Tudela byen, som han kalla St. Abram de Bron. Han skreiv:

Her er ei stor kyrkje kalla St. Abram, og dette var ein jødisk, heilag stad under mohammedanar-styret, men heidningane har reist seks graver her, og kalla dei høvesvis gravene til Abraham og Sara, Isak og Rebekka, Jakob og Lea. Vaktarane fortel pilegrimane at dette er gravene til patriarkane, og pilegrimane gjev dei så pengar for denne informasjonen. Om det derimot kjem ein jøde, og gjev ei spesiell gåve, opnar vaktaren grotta for han, og han kan så gå ned mange trappetrinn, med eit lys i handa. Han kjem så til ei grotte, der det ikkje er noko, så ei grotte til bakom, som òg er tom, før han kjem til den tredje grotta der dei seks gravene ligg. [79]

Ajjubidane og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Den kurdiske muslimen Saladin tok attende Hebron i 1187 – igjen med støtte frå jødane, i byte mot at dei skulle få lov å vende attende til byen og byggje ei synagoge der.[80] Namnet på byen vart endra attende til Al-Khalil. Det var framleis eit kurdisk kvarter i byen under den første tida av det osmanske styret.[81] Richard Løvehjarta tok attende byen kort tid etter. Richard av Cornwall, som vart henta frå England for å stoppe den farlege feiden mellom Tempelriddarane og Johanittarordenen, klarte å innføre fred i området. Men kort tid etter han forsvann, braut feiden ut att og i 1241 sette Tempelriddarane i gang eit raid mot Hebron, som no var muslimsk, og braut avtalane som var oppretta.[82]

I 1244 øydela kharesmianarar byen, men let heilagdomen stå urørt.[61] I 1260, etter mamelukk-sultanen Baibars slo den mongolske hæren, vart det bygd minaretar ved heilagdomen. Seks år seinare, då Baibars var på pilegrimsreise til Hebron, kunngjorde han eit forbod mot at jødar og kristne kunne få kome inn i heilagdomen,[83] og miljøet vart mindre tolerant for jødar og kristne enn det hadde vore under det tidlegare ajjubide-styret. Forbodet vart ikkje handheva særleg strengt før på misten av 1300-talet, og frå 1490 fekk ikkje ein gong muslimar løyve til å kome inn i dei underjordiske grottene.[84]

Mølla i Artas vart bygd i 1307 og inntektene frå denne gjekk til hospitalet i Hebron.[85] Mellom 1318–20 gav Na'iben i Gaza og mykje av det indre av Palestina, ordreom å byggje Jawli-moskeen for at fleire skulle få plass til å be.[86]

Hebron vart vitja av viktige rabbiar dei neste to hundreåra, mellom anna Nachmanides (1270) og Ishtori HaParchi (1322) som merka seg Den gamle jødiske gravplassen der. Sunni-imamen Ibn Qayyim Al-Jawziyya (1292–1350) vart straffa av dei religiøse styresmaktene i Damaskus for å ikkje ville rekne Hebron som ein muslimsk pilegrimsstad, eit syn som òg læraren hans Ibn Taymiyyah hadde.[87]

På 1400-talet innførte mamelukk-sultanen Qa'it Bay den gamle tradisjonen i Hebron med «gjestebordet til Abraham», og nytta òg denne modellen for sin eigen madrasa i Medina.[88] Dette vart ei omfattande veldedig verksemd nær Haram, og kvar dag vart det delt ut 1 200 brød til reisande av alle trusretningar.[89]

Tidleg osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Hebron i 1839, etter ei teikning av David Roberts.

Samstundes som Det osmanske riket vart utvida sørover langs Middelhavskysten under sultan Selim I føregjekk den spanske inkvisisjonen i Spania, der mange sefardiske jødar vart drivne ut av landet og kom til dei osmanske provinsane. Fleire viktige sefardiske kabbalistar slo seg ned i Hebron.[90][91] Over dei neste to hundreåra, var det ei stor tilflytting av beduinske stammer frå Den arabiske halvøya til Palestina. Mange slo seg ned i tre separate landsbyar i Wādī al Khalīl, og etterkomarane deira utgjer ein stor majoritet i Hebron.[92]

I osmansk tid vart dei forfalne patriarkgravene restaurerte.[93] Ali Bey, ein av få utlendingar som fekk lov å kome inn, skreiv i 1807,

'alle gravene til patriarkane er dekte med rike teppe av grøn silke, flott brodert med gull, medan dei over konene er raude og like flott brodert. Det var sultanane i Konstantinopel som skaffa desse teppa, som vert fornya frå tid til annan. Ali Bey talde ni stykk oppå kvarandre, over grava til Abraham.'[94]

Hebron vart òg kjend gjennom arabarverda for glassproduksjonen sin, der beduinsk handel førte med seg mineral frå Daudehavet.[95]

Nord-Hebron midt på 1800-talet (1850-åra)

Eit arabararopprør braut ut mellom bøndene i april 1834 då Ibrahim Pasha av Egypt annonserte at han ville rekruttere soldatar frå den lokale, muslimske folkesetnaden.[96] Hebron, leia av naziren Abd ar-Rahman Amr, nekta å gje soldatar til hæren og egyptarane svara med å knuse ned opprøret. Byen vart angripen og då forsvarsverka fall den 4. august vart han plyndra av hæren til Ibrahim Pasha.[97][98][99] Det er estimert at 500 muslimar frå Hebron vart drepen i angrepet og kring 750 vart teken inn i hæren. 120 ungdommar vart bortførte og utnytta av offiserar i den egyptiske hæren. Dei fleste muslimane klarte å flykte til fjella. Mange jødar flykta til Jerusalem, men under plyndringa av yen vart minst fem drepne.[100] I 1838 var folketalet estimert til 10 000.[98] Då styret til Ibrahim Pasha fall i 1841, tok den lokale klanleiaren Abd ar-Rahman Amr nok ein gong over makta som sjeik i Hebron. I 1846 sette den osmanske guvernøren i Jerusalem (serasker), Kıbrıslı Mehmed Emin Pasha i gang ein kamp for å roe ned dei opprørske sjeikane i Hebron-området, og gav soldatane sine løyve til å plyndre byen. Det gjekk rykte om at han i løyndom verna Abd ar-Rahman,[101] som vart deportert i lag med andre lokale leiarar (som Muslih al-'Azza of Bayt Jibrin), but he managed to return to the area in 1848.[102]

Seinare osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Frå 1874 vart Hebron-distriktet ein del av Jerusalem sanjak og vart styrt direkte frå Istanbul.[103]

Seint på 1800-talet gjekk det nedover med produksjonen av Hebronglas på grunn av konkurranse frå importert, europeisk glasvare, men Hebronglaset selde framleis, særleg til fattigare folk og reisande, jødiske kjøpmenn frå byen.[104] Under verdsutstillinga i 1873 i Wien vart Hebron representert med glasornament.[105]

Britisk styre[endre | endre wikiteksten]

Britane okkuperte Hebron den 8. desember 1917. I 1922 var folketalet 17 000.[106]


Patriarkgrotta vart framleis verande offisielt lukka for ikkje-muslimar.[107]

Under Hebron-massakren i 1929, tok arabiske opprørarar livet av 64 til 67 jødiske menn, kvinner og barn,[108][109] og skadde 60, medan jødiske hus og synagogar vart plyndra. 435 jødar søkte tilflukt og vart redda av arabiske naboar, som skjulte dei.[110]

Jordansk styre[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av den arabisk-israelske krigen i 1948 tok Egypt kontroll over Hebron. Mellom mai og oktober, kjempa Egypt og Jordan om å få kontroll over Hebron og området rundt. Begge landa utpeikte militære guvernørar i Hebron. Egyptarane klartre å overtale den pro-jordanske borgarmeisteren til å støtte deira styre, i det minste på overflata. Men dei fekk dei lokale innbyggjarane mot seg då dei innførte skattar. Landsbybuarane kring Hebron gjorde motstand og det braut ut småkampar, der somme vart drepne.[111] Seint i 1948 hadde delar av dei egyptiske styrkane frå Betlehem til Hebron blitt avskoren frå forsyningslinjene sine og Glubb Pasha sendte 350 soldatar frå den arabiske legionen og ei eining med væpna køyretøy til Hebron som forsterkingar. Då våpenkvila vart signert, fall byen til jordansk militærkontroll. Våpenkvileavtalen mellom Israel og Jordan let opphavleg alle jødiske pilegrimar om å få vitje Hebron, men då Israel ikkje tillet det same på si side, skjedde ikkje dette.[112]

Israelsk styre[endre | endre wikiteksten]

Denne tidlegare jødiske klinikken, bygd i 1893, i sentrum av Hebron er i dag ein del av eit israelsk nabolag.

Etter seksdagarskrigen i juni 1967, okkuperte Israel Hebron i lag med resten av Vestbreidda.

Delinga av Hebron[endre | endre wikiteksten]

Eit nett i Gamlebyen hindrar at israelske busetjarar kastar søppel inn i det palestinske området.[113]

Etter Osloavtalen og sidan Hebronavtalen, vart palestinsk byar styrte av Den palestinske sjølvstyresmakta, med unntak av Hebron,[4] som vart delt i to sektorar: H1 vart kontrollert av Den palestinske sjølvstyresmakta og H2 kontroller av Israel.[114][115] Kring 120 000 palestinarar bur i H1, medan rundt 30 000 palestinarar og kring 700 israelarar er under israelsk militærkontroll i H2. I 2009 budde i alt 86 jødiske familiar i Hebron.[116]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I 1820 var det kring 1 000 jødar i Hebron,[117] I 1838 hadde Hebron kring 1 500 skattbare, muslimske hushaldningar, i tillegg til 41 jødiske skattebetalarar. Skattebetalarar var dei mannlege overhovuda av hushaldiningar som eigde ein liten butikk eller eit stykke land. 200 jødar og ein kristen hushaldning var under 'europeisk vern'. Den samla folkesetnaden var estimert til 10 000.[98] I 1842 var det estimert til kring 400 arabarar og 120 jødiske familiar i Hebron.[118]

År Muslimar Kristne Jødar Totalt Merknad
1538 749 h 7 h 20 h 776 h (h = hushaldningar) Kjelde: Cohen & Lewis
1774 300 Kjelde: Azulai.[119]
1817 500 Kjelde: Israelelsk utanriksdepartement.[120]
1820 1 000 Kjelde: William Turner.[117]
1824 60 h (40 h sefardiske, 20 h askenasiske) Kjelde: The Missionary Herald.[121]
1832 400 h 100 h 500 h (h = hushaldningar) Kjelde: Augustin Calmet, Charles Taylor, Edward Robinson[122]
1837 423 Montefiore
1838 700 Kjelde: det israelske utanriksdepartementet.[120]
1839 1295 f 1 f 241 (f = familiar) Kjelde: David Roberts[123][124]
1840 700-800 Kjelde: James A. Huie.[125]
1851 400 Kjelde: Clorinda Minor.[126]
1866 497 Montefiore census
1881 800 5 000 Kjelde: The Friend.[127]
1890 1 490 Kjelde: Jewish Encyclopedia
1895 1 400 The encyclopedia of Hasidism
1906 1 100 14 000 (690 sefardiske, 410 askenasiske) Kjelde: Jewish Encyclopedia
1922 16 074 73 430 16 577 Det britiske mandatet
1922 1 500 17 000 Kjelde: First Encyclopaedia of Islam.[106]
1929 700 Kjelde: det israelske utanriksdepartementet.[120]
1930 0 Kjelde:det israelske utanriksdepartementet.[120]
1931 17 277 109 134 17 532 Kjelde: Det britiske mandatet[128]
1944 24 400 150 0 24 560 Estimate [129]
1967 38 203 106 38 309 Folketeljing
1997 n/a n/a 530[120] 119 093 Folketeljing 1997[130]
2007 n/a n/a 500 [131] 163 146 Folketeljing 2007[132]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kohler, C. (1896). «Un nouveau récit de l’invention des patriarkes Abraham, Isaac et Jacob à Hebron». Revue de l’Orient Latin (Paris) 4: 477. 
  • Kraeling, E.G.H. (April 1925). «The Early Cult of Hebron and Judg. 16:1–3». The American Journal of Semitic Languages and Literatures 41 (3): 174–178. doi:10.1086/370066. 
  1. Hebron City Profile - ARIJ
  2. 2,0 2,1 1 2 Hebron page 80, Hebron is 45 km² in area og har eit folketal på 250 000, according to the Palestinsk statistisk sentralbyrå for the year 2007. The figure given here refers to the population of byen Hebron itself.
  3. Kamrava 2010, s. 236.
  4. 4,0 4,1 Alimi 2013, s. 178.
  5. Rothrock 2011, s. 100.
  6. Beilin 2004, s. 59.
  7. Freedland 2012, s. 21.
  8. David Shulman 'Hope in Hebron,' at New York Review of Books 22. mars 2013.
  9. Sherlock 2010;
  10. Campbell 2004, s. 63; Gelvin 2007, s. 190 Levin 2005, s. 26;Loewenstein 2007, s. 47;W2008, s. 38.
  11. Medina 2007 for the figure of 700 settlers.
  12. Katz & Lazaroff 2007,Freedland 2012, s. 21 for the figure of 800 settlers.
  13. 13,0 13,1 An Introduction to the City of Hebron
  14. 14,0 14,1 14,2 Scharfstein 1994, s. 124.
  15. Emmett 2000, s. 271.
  16. Dumper 2003, s. 164
  17. Salaville 1910, s. 185:'For these reasons after arabarane conquest of 637 Hebron «was chosen as one of the four holy cities of Islam.'
  18. Aksan & Goffman 2007, s. 97: 'Suleyman considered himself the ruler of the four holy cities of Islam, and, along with Mekka and Medina, included Hebron and Jerusalem in his rather lengthy list of official titles.'
  19. Honigmann 1993, s. 886.
  20. Zacharia 2010.
  21. Hasasneh 2005.
  22. Flusfeder 1997.
  23. Hebron guvernement s. 59, 60
  24. Cazelles 1981, s. 195 compares Amorite ḫibrum. Two roots are in play, ḥbr/ḫbr. The root has magical overtones, and develops pejorative connotations in late Biblical usage.
  25. Koranen 4:125/Surah 4 Aya (vers) 125, Koranen ({{Wayback |date=20091027154527 |url=http://www.geocities.com/hollywood/lot/6093/4nisa.html |title=source text)
  26. Büssow 2011, s. 194 n.220
  27. Shalom 2007, s. 104
  28. Negev & Gibson 2001, s. 225–5.
  29. Na'aman 2006, s. 180
  30. Towner 2001, s. 144–45:'[T]he city was a kanaanitt royal center long before it became Israelite.'
  31. Alb2000, s. 110
  32. Na'aman 2006, s. 77–78
  33. Na'aman 2006, s. 361 These non-semitic names perhaps echo a tradition of a group of elite professional soldatar (filistrane, hetittane),formed in Kanaan whose ascendency was overthrow by the West-semitic clan of Caleb, which would have migrated from the Negev.
  34. Josva 10:3, 5, 3–39; 12:10, 13.Na'aman 2006, s. 177 doubts this tradition. 'The book of Josva is not a reliable source for either a historical or a territorial discussion of the Late Bronze Age, and its evidence must be disregarded.'
  35. Mulder 2004, s. 165
  36. Alter 1996, s. 108.
  37. Hamilton 1995, s. 126.
  38. Finkelstein & Silberman 2001, s. 45.
  39. Lied 2008, s. 154–62, 162
  40. Elazar 1998, s. 128: (Genesis.ch. 23)
  41. Smith 1903, s. 200.
  42. Kraeling 1825, s. 179.
  43. Magen 2007, s. 185.
  44. Glick 1994, s. 46, siterer Josva 10:36-42 og påverknaden dette hadde på somme busetjarar på Vestbreidda.
  45. Gottwald 1999, s. 153:'certain conquests claimed for Josva are elsewhere attributed to single tribes or clans, for example, in case of Hebron (i Josva:10:36–37, erobringa av Hebron er tilknytt Josva; i Domarane 1:10 til Juda, i Domarane 1:20 og Josva 14:13–14; 15:13–14.'
  46. Josva 21:3 – 12: I Krønikebok 6:54–56.
  47. Bratcher & Newman 1996, s. 262.
  48. Gottwald 1999, s. 173, citing 2 Samuel, 5:3.
  49. 2. Samuel 15:7–10.
  50. Japhet 1993, s. 148. Sjå Josva 20, 1–7.
  51. Jericke 2003, s. 26ff.,31.
  52. Carter 1999, s. 96–99 Carter challenges this view on the grounds that it has no archeological support.
  53. Nehemja,11:25
  54. Josefus 1860, s. 334 Josefus Flavius, Jødiske oldsager, Bk. 12, ch.8, para.6.
  55. Duke 2010, s. 93–94 er skeptisk.'This should be considered a raid on Hebron instead of a conquest based on subsequent events i book of I Maccabeans.'
  56. Duke 2010, s. 94
  57. Josefus 1860, s. 701 Josefus, Jødekrigen, Bk 4, ch. 9, s. 9.
  58. Schürer, Millar & Vermes 1973, s. 553 n.178 siterer Jerome, i Sakarja 11:5; i Hieremiam 6:18; Chronicon paschale.
  59. Hezser 2002, s. 96.
  60. Norwich 1999, s. 285
  61. 61,0 61,1 Salaville 1910, s. 185
  62. Gil 1997, s. 56–57.
  63. Hiro 1999, s. 166.
  64. Büssow 2011, s. 195
  65. Forbes 1965, s. 155, siterer Anton Kisa et al.,Das Glas im Altertum, 1908.
  66. Gil 1997, s. 205
  67. Al-Muqaddasi 2001, s. 156–57. p. 309 og p. 310
  68. Gil 1997, s. 206
  69. Robinson & Smith 1856, s. 78
  70. Israel tourguide, Avraham Lewensohn, 1979. s. 222.
  71. Runciman 1965 (a), s. 307.
  72. Runciman 1965 (b), s. 4
  73. Le Strange 1890, s. 317–18 p. 317 og p. 318.
  74. Kohler 1896, s. 447ff.
  75. Runciman 1965 (b), s. 319.
  76. Kraemer 2001, s. 422.
  77. Boas 1999, s. 52.
  78. Richard 1999, s. 112.
  79. Benjamin 1907, s. 25.
  80. Gil 1997, s. 207
  81. Shalom 2003, s. 297.
  82. Runciman 1965 (c), s. 219
  83. Micheau 2006, s. 402
  84. Murphy-O'Connor 1998, s. 274.
  85. Sharon 1997, s. 117–18.
  86. Dandis, Wala. History of Hebron. 2011-11-07. Henta 26. september 2015.
  87. Meri 2004, s. 362–63.
  88. Singer 2002, s. 148
  89. Robinson & Smith 1856, s. 458.
  90. Idel 2005, s. 131
  91. Green 2007, s. xv–xix.
  92. Büssow 2011, s. 195.
  93. Conder 1830, s. 198.
  94. Conder 1830, s. 198. The source was a manuscript, The Travels of Ali Bey, vol. ii, s. 232–33.
  95. Schölch 1993, s. 161.
  96. Krämer 2011, s. 68
  97. Kimmerling & Migdal 2003, s. 6–11, esp. s. 8
  98. 98,0 98,1 98,2 Robinson & Smith 1856, s. 88.
  99. Schwarz 1850, s. 403.
  100. Schwarz 1850, s. 398–99.
  101. Finn 1878, s. 287ff.
  102. Schölch 1993, s. 234–35.
  103. Khalidi 1998, s. 218.
  104. Schölch 1993, s. 161–62 quoting David Delpuget Les Juifs d´Alexandrie, de Jaffa et de Jérusalem en 1865, Bordeaux, 1866, s. 26.
  105. Schölch 1993, s. 161–62.
  106. 106,0 106,1 E. J. Brill's First Encyclopaedia of Islam, 1913–1936, Volume 4, BRILL, 1993. ISBN 9004097961. s. 887.
  107. Kupferschmidt 1987, s. 237
  108. Kimmerling & Migdal 2003, s. 92
  109. Post-holocaust and anti-semitism - Issues 40-75 - Page 35
  110. Segev 2001, s. 325–26
  111. The Road to Jerusalem: Glubb Pasha, Palestine and the Jews, Benny Morris – 2003. s. 186–87.
  112. Palestina, Sarah Irving – 2012, s. 171
  113. West Bank B&B in Hebron's Old City fully booked
  114. Kimmerling & Migdal 2003, s. 443
  115. «Protocol Concerning the Redeployment in Hebron». Dei sameinte nasjonane Information System on the Question of Palestina. Non-UN document. 17. januar 1997. 
  116. Gurkow, Lazer. «Chabad.org». Chabad.org. Henta 5. september 2015. 
  117. 117,0 117,1 Turner 1820, s. 261
  118. Frederick Adolphus Packard; American Sunday-School Union (1842). The Union Bible Dictionary. American Sunday-School Union. s. 304. 
  119. רבי חיים יוסף דוד אזולאי, Meir Benayhu, Mosad Harav Kook, 1959.
  120. 120,0 120,1 120,2 120,3 120,4 «Hebron». Jewish Virtual Library. 
  121. The Missionary Herald, - 1825 s. 65.
  122. Dictionary of the Holy Bibelen - s. 488
  123. Robinson, s. 88
  124. David Roberts, 'The Holy Land - 123 Coloured Facsimile Lithographs and The Journal from his visit to the Holy Land.' Terra Sancta Arts, 1982. ISBN 965-260-001-6. Plate III - 13.Journal entry 17. mars 1839.
  125. The history of the jødar, from the taking of Jerusalem by Titus to the present time, James A. Huie - 1840 s. 242.
  126. Meshullam!: Or, Tidings from Jerusalem, Clorinda Minor - 1851 s. 58.
  127. The Friend, Volumes 54–55, The Friend, 1881. s. 333.
  128. Jessie Sampter (2007). Modern Palestina - A Symposium. READ BOOKS. ISBN 1-4067-3834-4. ISBN 9781406738346. 
  129. Government of Palestina (1945), A Survey of Palestina, Vol. 1, s. 151
  130. palestinsk Census 1997
  131. palestinsk security forces deploy in Hebron 25/10/2008 gives about 500 as of oktober 2008
  132. The last official census i 2007 gave 165 000.2007 Locality Population Statistics Hebron guvernement Population, Housing and Establishment Census 2007. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hebron