Nettlesaren Opera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.
Opera
Opera browser logo 2013.png
Skapar: Opera Software ASA
Utviklar: Opera Software
Utgjeve: 1994
Nyaste versjon: 12.12 (18. desember 2012)
Operativsystem: Linux (i386, PowerPC, Sparc), Mac OS X, Solaris (Sparc, Intel), og Windows.
Type: Nettlesar
Lisens: Properitær (patentfri)
Nettstad: http://www.opera.com/

Opera er ein nettlesar som vert utvikla av det norske selskapet Opera Software ASA. Selskapet tek sikte på -og gjennomførar- full kompatibilitet med dei fleste nemneverdige system og platformar, og dei seinare åra har dei i følgje delar av media vunne eit teknisk føresprang i kampen om nettlesarmarknaden for handheldte datamaskiner (til dømes Palm).

Til Mac OS X/PC kjem nettlesaren på eit utal språk (men ikkje lenger nynorsk[1]).

Opera var tidlegare reklamefinansiert, men frå september 2005 har Opera vore gratis (utan reklame). Kundar som ønskjer støtte kan kjøpe det frå selskapet.

Opera har òg, i tillegg til å vere ein nettlesar:

  • Epost- og Nyhendelesaren M2 (han les òg Atom og RSS)
  • Adressebok
  • IRC-klient (prateprogram)
  • Nedlastingshandsamar

Kort historie[endre | endre wikiteksten]

Opera starta som eit utviklingsprosjekt i Telenor i 1992, med Jon S. von Tetzchner (Noverande sjef i Opera Software ASA) og Geir Ivarsøy. Sidan Telenor ikkje såg seg tent med å utvikle ein eigen nettlesar vart Opera Software tufta i 1995 for å vidareutvikle programvaren.

Selskapet dreiv på lenge i det små, men sidan 1999/2000 har selskapet satsa for fullt med utviding av staben, hard konkurranse på handhaldt-marknaden og opne konfrontasjonar med Microsoft, som hittil har dominerer nettlesarmarknaden for PC.

Marknadsandel[endre | endre wikiteksten]

I fylje [2] har Opera har ein marknadsandel på rundt 2 % på verdsbasis, men på grunn av at eldre versjonar av Opera var innstillte til å identifisera seg som MS Internet Explorer er dette talet truleg for lågt. Grunnen til dette er at Microsoft aktivt har motarbeidd Opera ved å blokkera tilgang til mellom anna nettstaden MSN for andre nettlesarar enn sin eigen [3]. Ved å identifisera seg som MS IE kan andre nettlesarar omgå denne sperringa. Problemet med dette er at i oversyn over kva for nettlesarar som er mest populære ser ut som MS Explorer er meir populær enn han i røynda er. Operabrukarar kan endra innstillingae slik at nettlesaren identifiserer seg som Opera i menyen Verktøy | Snøgginstillingar. Nyare versjonar av Opera er innstilte til å identifisera seg som Opera [4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opera kjem ikkje lenger på nynorsk.
  2. Browser Statistics, W3 Schools.
  3. Wilcox , J. og Junnarkar, S., Microsoft backpedals on MSN browser block, Cnet News, 25/10 2001.
  4. Dahl, A.K., Opera ikke lenger identifisert som IE, hardware.no.

Les òg[endre | endre wikiteksten]