Newbattle Abbey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newbattle Abbey

Kart
Newbattle Abbey
55°53′31″N 3°04′00″W / 55.891925962555°N 3.0667894942215°W / 55.891925962555; -3.0667894942215

Newbattle Abbey (Abaid a' Bhatail Nuaidh) er eit tidlegare cisterciensisk kloster nær landsbyen Newbattle i Midlothian i Skottland. Etter å ha blitt nedlagt som kloster blei det utvikla til eit storslått herskapshus og deretter ein utdanningsinstitusjon.

Klosteret[endre | endre wikiteksten]

Klosteret blei grunnlagt i 1140 av munkar frå Melrose Abbey. Kong David I av Skottland (med sonen Henry) gav støtte til klosteret. Klosterkyrkja blei innvigd i 1234. Klosteret blei brent av engelske kongelege styrkar i 1385 og igjen i 1544. Det blei ein verdsleg lord-eigedom for den siste commendatoren, Mark Kerr (Ker) i 1587.

Newbattle Abbey var eit dotterkloster av Melrose Abbey (igjen ei dotter av Rievaulx Abbey) og låg, etter cisterciensarskikk, i ein vakker dal langs elva South Esk. Rudolph, den fyrste abbeden, var ein streng følgjar av ordensreglane, og vigde seg energisk til å reisa gode bygningar. Kyrkja, som hadde krossform, var 240 fot lang, og dei andre bygningane hadde proporsjonar som passa. Ei tid hadde klostersamfunnet så mange som 80 munkar og 70 lekbrør.

Kjellaren i noverande Newbattle Abbey College, som kan ha høyrt til dei opphavlege klosterbygningane.

Klosteret blei snart velståande og kjend for å vera regelbunde, og fleire av medlemmane blei velkjende biskopar. Staden var særleg kjær for dei skotske kongane, og dei fleste av dei vitja klosteret frå tid til anna, og var alltid generøse velgjerarar.

Ei av dei viktigaste inntektekjeldene til klosteret var kolgruvene det åtte, for desse munkane var blant dei første, om ikkje dei fyrste, som vann ut kol i Skotland. Den tidlegaste omtalen av kol i Skotland finn ein i eit charter til ein jarl av Winchester, som gav dei ei kolgruve. I 1526 gav kong Jakob V dei løyve til å byggja ei hamn ved Morrison's Haven.[1]

Newbattle leid mykje av engelske raid til ulike tider, særleg i 1385, då klosteret og kyrkja blei brunne. Dei religiøse som var der blei bortførte eller måtte rømma til andre kloster. Det tok 40 år å retta opp att desse tapa. Ein del av klosteret blei seinare øydelagd av jarlen av Hertford, men øydelegginga verker å hovudsakleg ha vore avgrensa til kyrkja.

reformasjonen fann stad var det berre att få munka, og dei blei pensjonerte av kommendatoren, Mark Kerr. Kerr konverterte til protestantismen i tide til å kunna halda på jorda rundt klosteret. Sonen hans, som òg heitte Mark, blei lord Newbattle i 1596 og jarl av Lothian i 1606. Robert Kerr, 4. jarl of Lothian, blei utnemnd til marki i 1701. Newbattle Abbey var heimen til markiane av Lothian til det blei gjeve til nasjonen i 1937.

Herskapshus[endre | endre wikiteksten]

Herskapshuset og hagen i 1900.

Ein del av klosteret blei bygd om til ein bustad, som er att i kjerna av den noverande bygningen. Huset omfattar ein del av den sørlege enden av klosterområdet, med kjellarrommet intakt.

Huset blei ombygd av John Mylne i 1650, William Burn i 1836 og David Bryce i 1858. Salongen blei dekorert av Thomas Bonnar rundt 1870. Kapellet frå 1800-talet blei skapt i eit kvelva kjellarrom som kan stamma frå dei opphavlege klosterbygningane. Kapellet har ein font frå 1500-talet og ein parkettgolv laga av tre frå eigendomen, i stil med det opphavlege fliseverket. Biblioteket har eikepanel og eit tak med listverk frå 1600-talet. Hagen bakom huset omfattar eit par store, oktagonale solskjermar frå 1600-talet. Restane etter hovudklosteret ligg nedgrave vest og nord for det opphavlege huset.

Kong Georg IV vitja staden under reisa si i Skottland 1822, og porten King's Gate blei bygd til hans ære.

College[endre | endre wikiteksten]

Newbattle Abbey i 2011
Den store trappa ved Newbattle Abbey College.

Newbattle Abbey var heimen til markiane av Lothian til det blei gjeve til nasjonen i 1937 av Philip Kerr, 11. marki av Lothian, for å bli eit college for vaksenopplæring.[2]

Colleget blei etablert under forvaltarar frå dei fire gamle skotske universiteta spesielt for vaksne som vende tilbake til utdanning.[3] Det blei lagt til nye bustadbygningar på 1960-talet og finansiering kom gjennom det skotske utdanningsdepartementet.

I 1987 kunngjorde statssekretæren for Skottland at ein ikkje lenger ville gje økonomisk støtte, og colleget var truga av stenging.[4] Men nye former for økonomisk støtte gjorde det mogleg for skulen å driva vidare.[5]

Gravlagde ved klosteret[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Lodge of Aitchison's Haven
  2. Julie Kerr, Sarah Foot. «Home page of the Cistercians in Yorkshire Project» (på engelsk). Henta 27. mars 2020. 
  3. «History». Newbattle Abbey College. Arkivert frå originalen 14. mars 2008. Henta 27. desember 2007. 
  4. «Hansard written answers». Henta 27. desember 2007. 
  5. «History». Newbattle Abbey College. Arkivert frå originalen 14. mars 2008. Henta 27. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Newbattle Abbey