Nihonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snø over Zojoji-tempelet (1953) av Kawase Hasui.
Apekatt av Hashimoto Kansetsu .

Nihonga (日本画, 'måleri i japansk stil') er ein type japansk måleri frå kring 1900 av som er laga etter og med tradisjonelle japanske kunstkonvensjonar, teknikkar og materiale. Medan grunnlaget for stilen går over tusen år tilbake, blei omgrepet danna i Meiji-tida på 1800-talet for å skilja han frå verk påverka av vestleg stil, yōga (洋画).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Drivkrafta for å gjenoppliva tradisjonell målarkunst ved å utvikla ein meir moderne japansk stil kom i stor grad frå fleire kunstnarar og lærarar, mellom anna Shiokawa Bunrin, Kōno Bairei og Tomioka Tessai. Kanō Hōgai (1828–1888), Yokoyama Taikan (1868–1958) og Hashimoto Gahō (1835–1908) var andre som følgde tradisjonen som motvekt mot vestlege tendensar.[1][2] Tendensen blei også støtta av kunstkritikarar som Okakura Tenshin og Ernest Fenollosa, som ønskte å motverka den japanske fascinasjonen med vestleg kultur i Meijitida ved å leggja vekt på venleiken til tradisjonelle japanske kunstformer.[2] Dei sistnemnde spelte viktige roller i utviklinga av undervisinga ved større kunstskular, og bidrog aktivt med oppmuntring og økonomisk støtte til kunstnarar.

Nihonga var ikkje berre ei fortsetjing av eldre måletradisjonar. Til samanlikning med yamato-e vida ein ut motivvalet. I tillegg blanda ein saman stilistiske og tekniske element frå fleire ulike tradisjonelle skular, som Kanō-ha, Rinpa og Maruyama Ōkyo. Skilnadane ein hadde hatt mellom skulane i Edotida blei minimerte.

I mange høve tok nihonga-kunstnarar også i bruk realistiske vestlege måleteknikkar, som perspektiv og skuggelegging. På grunn av denne tendensen til blanding er det i seinare tid blitt vanskelegare å skilja mellom nihonga og yōga, både når det gjeld teknikk og materiale.

Kunstnaren Tenmyouya Hisashi (f. 1966) utvikla eit nytt kunstkonsept i 2001 kalla neo-nihonga.

Utvikling utanfor Japan[endre | endre wikiteksten]

Nihonga blir verdsett over heile verda. Kjende kunstnarar innan forma som ikkje er busette i Japan er Hiroshi Senju, amerikanske Makoto Fujimura og kanadiske Miyuki Tanobe.

Samtidige nihongakunst er hovudforma ved Dillon Gallery i New York.[3] Viktige kunstnarar frå «etterkrigs-gullalderen», frå 1985 til 1993, basert ved Tokyo kunstuniversitet (Geidai), har danna eit grunnlag. Takashi Murakami, Hiroshi Senju, Norihiko Saito, Chen Wenguang, Keizaburo Okamura og Makoto Fujimura, alle frå doktogradsnivået ved Tokyo kunstuniversitet, er leiande kunstnarar med globale utstillingar. Dei fleste av desse kunstnarane er representerte ved Dillon Gallery.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Nihonga blir vanlegvis laga på washi (japanpapir) eller eginu (silke) med pensel. Måleria kan vera monokrome eller polykrome. Monokrome bilde blir typisk laga med sumi (kinesisk blekk) av sot blanda med lim laga av fiskebein eller dyreskinn. Til polykrome bilde bruker ein pigment frå naturlege kjelder: mineral, skjel, korall og tilmed halvedelsteinar som malakitt, azuritt og sinober. Råmateriala blir knuste til pulver som ein har 16 graderingar for, frå fint til sandkorntekstur. Ei limblanding laga av dyreskinn, nikawa, blir brukt til å binda saman desse pigmentpulvera. I begge høve nyttar ein også vatn, slik at nihonga i røynda er ei form for akvarell. Gofun (kalsiumkarbonat i pulverform laga av skjel) er eit viktig materiale i nihonga. Ulike typar gofun blir brukte som grunnlag, grunning og som ein delikat kvit toppfarge.

Opphavleg blei nihonga laga som rullar til å henga opp (kakemono), handrullar (emakimono), skyvedører (fusuma) eller skjermar (byōbu). I nyare tid er det blitt vanlegare med verk på papir montert på trepanel.

Teknikkar[endre | endre wikiteksten]

I monokrom nihonga nyttar ein ulike blekktonar frå mørkt til lyst for å oppnå ei rekkje ulike tonar frå nesten kvitt, via gråtonar til svart og tidvis inn i grønlege tonar for å representera tre, vatn, fjell eller bladberk. I polykrom nihonga legg ein stor vekt på å ikkje bruka bildekonturar; desse blir typisk ikkje brukte ved avbilding av fuglar og plantar. Av og til bruker ein lavering og lag av pigment for å danna kontrasteffektar, og endå sjeldnare kan ein nytta bladgull eller -sølv i bildet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown, Rebecca M.; Stephenson, Jessica; Marks, Andreas; Shaw, Wendy M. K.; Chapman, William; Heusel, Jennifer (2008). «Art». The Oxford Encyclopedia of the Modern World (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-517632-2. doi:10.1093/acref/9780195176322.001.0001. 
  2. 2,0 2,1 Green, Nancy E. (2011). «Fenollosa, Ernest Francisco» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-533579-8. doi:10.1093/acref/9780195335798.001.0001/acref-9780195335798-e-651?rskey=frqpys&result=2. 
  3. «EXHIBITIONS». Dillon + Lee. 
  • Denne artikkelen bygger på «Nihonga» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2023.
  • Briessen, Fritz van. The Way of the Brush: Painting Techniques of China and Japan. Tuttle (1999). ISBN 0-8048-3194-7
  • Conant, Ellen P., Rimer, J. Thomas, Owyoung, Stephen. Nihonga: Transcending the Past: Japanese-Style Painting, 1868–1968. Weatherhill (1996). ISBN 0-8348-0363-1
  • Setsuko Kagitani: Kagitani Setsuko Hanagashū, Tohōshuppan, Tokyo, ISBN 978-4-88591-852-0
  • Weston, Victoria. Japanese Painting and National Identity: Okakura Tenshin and His Circle. Center for Japanese Studies University of Michigan (2003). ISBN 1-929280-17-3