Nils Blommér

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Blommér

Statsborgarskap Sverige
Fødd 12. juni 1816
Öveds församling
Død

1. februar 1853 (36 år)
Roma

Yrke kunstmålar
Far Anders Olsson
Ektefelle Edla Blommér
Nils Blommér på Commons
Ängsälvor, 1850
Idun och Brage, 1846

Nils Blommér, opphavleg Nils Jakob Olsson, (12. juni 18161. februar 1853) var ein svensk målar som var busett i Paris og Roma.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Blommér var frå Blommerød i Skåne. Han byrja som lærling hos målaren Magnus Körner i Lund. 23 år gammal fekk han studieplass på kunstakademiet i Stockholm. År 1847 vart han tildelt stipend og reiste då til Paris, der han studerte hos den akademiske målaren Léon Cogniet. Hausten 1852 gifta han seg i Roma med den finske kunstnaren Edla Jansson. Få månader seinare døydde han av lungebetennelse i Paris.

Blommér var mykje påverka av straumdrag i tida, særleg frå dei romantiske forfattarane, landsmennene Erik Gustaf Geijer, Per Atterbom og Erik Stagnelius. Også den store, samtidige interessa for folkeviser påverka naturmystikaren Blommér sine verk, som han måla i Paris. Frå den franske hovudstaden sende han til Sverige mange måleri basert på nordisk mytologi og folklore. Dei mest kjende måleria bygger på førestillinga om alvar, til dømes Ängsälvor frå 1850. Dette arbeidet, og andre, som Sommarnattsdrömmen, Näcken och Ägirs döttrar, Idun och Brage og Älfvor, var dirkete inspirert av den austerrikske målaren Moritz von Schwind sine motiv frå folketrua. Blommér var viss på at naturen hadde ei ibuande sjel; alve-vesen og mytiske segnfigurar var symbolske uttrykk for denne.

Bakgrunnsttoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nils Blommér

Kjelder[endre | endre wikiteksten]