Nils Christensen Ringnæs
Nils Christensen Ringnæs | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. juni 1792 Stange kommune |
Død |
23. juli 1863 (71 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Nils Christensen Ringnæs (9. juni 1792–23. juli 1863) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Stange i Hedmark. Even Christensen Ringnæs var bror hans.
Far hans var gardbrukar og gardeigar. Sjølv vart han i 1823 kontorist hos sorenskrivaren i søre Hedemarken, to år seinare fullmektig hos amtmannen i Hedemarken. Frå 1830 til 1858 var han lensmann i Stange, og frå 1838 gardbrukar på garden Dælin. Han var medlem av forlikskommisjonen 1850-53, slutta grunna svekka syn.
Ringnæs representerte Hedemarkens amt på Stortinget i 1842 og 1845. Han var medlem av justiskomiteen på begge tinga. I 1845 vart han medlem av Lagtinget frå 26. mars, men fekk ikkje sete i riksretten då den tiltala skaut han ut.
Han døydde på garden sin i Stange i 1873.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Ringnæs, Nils Christensen». Stortinget og statsraadet B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 717.
- Biografisk informasjon om Nils Christensen Ringnæs NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv