Nils Erling Yndesdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Erling Yndesdal
Fødd22. desember 1959 (61 år)
VervOrdførar i Leikanger 1995-1999
FøregangarÅsta Magni Hauge
EtterfylgjarRolf Nesheim

Nils Erling Yndesdal (fødd 22. desember 1959) har vore fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane i 19 år. Frå 1. januar 2019 gjekk Yndesdal over i stilling som kommunaldirektør, og med det leiar for kommunalavdelinga, hos den nyoppretta Fylkesmannen i Vestland. Yndesdal er opphavleg frå Nittedal, men har butt på Hermansverk sidan hausten 1985. Far hans var frå den veglause fjellgarden Yngsdalen i Luster. Landbruksdrifta tok slutt i 1968, og eigedomen har såleis etter 1967/68 berre blitt brukt til ferie- og fritidsformål. Yndesdal var ordførar i Leikanger kommune for Venstre i perioden 1995-1999, og vidare var han styreleiar i Sognekraft AS i perioden 1997-1999. Yndesdal er gift og har tre barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]