Nils Jenssen Ytteborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Jenssen Ytteborg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1792
Oslo
Død

5. juni 1858 (65 år)

Yrke salmaker, kjøpmann, politikar
Språk norsk
Nils Jenssen Ytteborg på Commons

Nils Jenssen Ytteborg (18. september 17925. juni 1858) var ein norsk handverkar, forretningsmann og stadshauptmann i Christiania. Han var son av ein gardbrukar i Løten.

Ytteborg reiste til København, der han gjekk i lære for å verte salmakar. Deretter overtok han broren sitt salmakeri i Christiania, og slo seg attåt opp som garvarmeister, brennevinsbrennar og bryggerieigar. Han starta opp Ytteborgs Bryggeri, som seinare vart til Foss Bryggeri. I tillegg var Ytteborg forstandar for 'Prinds Christian Augusts Minde', betre kjent som Mangelsgården, eit arbeidshus for fattiglemer. Folk frå Mangelsgården vart mellom anna sett til arbeid på Ytteborg sitt brenneri.

Han var medlem av Christiania bystyret 1837-54, ei tid som varaordførar. Ytteborg tok i 1838 initiativ til stiftinga av Christiania Haandverkerforening, året etter var han medlem av ein kongeleg kommisjon om regelverket for sveine- og meisterprøver. Han var fleire gonger valmann ved stortingsval, fyrste gongen i 1829. Ved det såkalla handverkarvalet i 1850 vart han den fyrste håndverkaren som vart vald inn på Stortinget. På Stortinget 1851 var han 4. representant for krinsen Christiania og Lillehammer, medlem av næringskomite nr 1.

Ytteborg vart kalla handverksfyrsten for sin gir etter pengar, offentlege verv og status. På 1840-talet var han ein av dei rikaste i hovudstaden. Han var frå 1840 brannmajor, eit ærefullt verv mellom rikingane i byen, og mottok for det ei lita godtgjersle frå bykassa. I 1840 vart han også stadshauptmann. Han vart i 1853 av høgsterett frådømt dette embetet, for si rolle i den såkalla «depotsaka». Ytteborg vart aldri heilt akseptert mellom den sosiale eliten, «de kondisjonerte», i hovudstaden.

Han døydde i Christiania i 1858.

Ein veg i Oslo er oppkalla etter han, Garver Ytteborgs vei. Vegen vart vedteken bygd i 1958 og ligg på Haugenstua i bydelen Stovner, der han er adresse for nokre av dei største bustadblokkene i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Svensgam, Arild:De er døde - men lever fortsatt i Oslo. Galehuset forlag, 1999.