Nils Torvalds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Torvalds
Nils Torvalds MEP, Strasbourg - Diliff.jpg
Fødd 7. august 1945
Ekenäs
Nils Torvalds på Commons

Nils Torvalds (fødd 7. august 1945) er ein finsk journalist og politikar som sidan 2012 har vore europaparlamentsmedlem for Svenska folkpartiet i Finland.

Torvalds er finlandssvensk og har arbeidd med svenskspråkleg radio og fjernsyn i Finland. Torvalds har sidan 2001 arbeidd som reporter for Den finske kringkastinga (YLE) i Washington D.C.. Før han flytta til USA hadde han Russland som arbeidsfelt. Under studietida var han aktiv i kommunistpartiet og studerte mellom anna i Moskva eit år på 1970-talet. I mai 2006 melde Nils Torvalds seg inn i Svenska Folkpartiet i Helsingfors. Sommaren 2007 gjekk det ein debatt i Hufvudstadsbladet om korleis tidlegare moskvakommunistar (i dette tilfellet Torvalds) går inn i andre parti.

Nils Thorvalds er son til diktaren Ole Torvalds og far til programmeraren og grunnleggjaren av Linux, Linus Torvalds.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]