Nina Skeime
Nina Skeime | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mai 1962 (60 år) Noreg |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Nina Skeime Kostøl (fødd 21. mai 1962) er ein norsk tidlegare langrennar frå Oslo, medlem i Kjelsås Idrettslag.
Skeime var med på Noregs lag som vann sølv i 4 x 5 km stafett under Ski-VM 1987 i Oberstdorf, og på laget som to år seinare tok bronse under Ski-VM 1989 i Lahtis. Ho vart noregsmeister på 20 km i 1984, 1985 og 1989, tildelt kongepokalen for triumfane i 1985 og 1989. Saman med Marit Wold og Trude Dybendahl var Skeime med om å vinne NM-gull for Kjelsås IL i 3 x 5 km stafett heile sju gongar i tida 1985-92.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nina Skeime» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2019.