Trude Dybendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trude Dybendahl
Fødd 8. januar 1966
Oslo
Yrke langrennsløpar

Trude Dybendahl (fødd 8. januar 1966) er ein norsk tidlegare langrennar frå Oslo. Ho vart verdsmeister på 5 km under ski-VM 1991 i Val di Fiemme. I tida 1988-97 vann ho tre OL-medaljar og seks VM-medaljar, seks av medaljane fekk ho med norske lag i 4x5 km stafett. Ho har sju individuelle verdscupsigrar. Dybendahl representerte Kjelsås IL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dybendahl byrja hevde seg i verdseliten frå slutten av 1986-sesongen. Litt overraskande fekk ho gå startetappen for Noreg under vinter-OL 1988 i Calgary, og tok då si fyrste av tre strake sølvmedaljar i øvinga, ettersom ho gjekk på både 1992-laget og 1994-laget, kvartettar som kvar gong tok sølv.

Dybendahl fekk si fyrste pallplassering i verdscupen då ho på nyåret 1989 vart nummer tre på ein 5 kilometer i sovjetiske Kavgolovo. Vel eit år seinare var ho tilbake i Sovjetunionen og gjekk heilt til topps framfor veteranen Raisa Smetanina og unge Larisa Lazutina, begge frå Sovjet. Seinare i 1990-sesongen vann ho to nye verdscuprenn, eitt i Örnsköldsvik og det andre på Vang i Hedmark.

1991-sesongen vart den største for Dybendahl, trass i at ho ikkje vann meir enn eitt internasjonalt renn. Ho var i sitt livs form under ski-VM i Val di Fiemme, og tok sølvmedaljen på opningsdistansen 15 km. Fire dagar etter, den 12. februar, vann ho 5 km. På stafetten gjekk ho Noreg inn til bronsemedalje.

To år seinare tok Dynebdahl bronsemedaljen på 5 km under ski-VM 1993 i Falun, hennar tredje og siste individuelle VM-medalje. Også i stafettevlinga tok ho ein bronsemedalje, der ho var tilbake som startløpar for Noregs lag. Dybendahl tok si sjette stafettmedalje då ho i Trondheim i 1997 som ankerkvinne gjekk Noreg inn til sølv på 4x5 km stafett, 16 sekundar bakom Russland.

Dybendahl vann eit verdscuprenn på Lillehammer i mars 1993. Neste verdscupsigeren kom i desember 1996 i Oberstdorf, der fire norske løparar kom øvst på resultatlista. Ho vann sin sjuande og siste siger i verdscupen, eit sprintrenn over 1 km, i svenske Sunne i mars 1997. I alt kleiv ho pallen etter 18 (7-4-7) verdscuprenn.

Dybendahl la opp etter 1998-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Dybendahl bur i Oslo og er eigar og dagleg leiar av firmaet Trude Dybendahl Ski AS, som held kurs i skiteknikk for vaksne. Ho har skrive boka Større skiglede med bedre teknikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar