Hopp til innhald

Ninox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ninox
Flekkstrupeugle, Ninox spilocephala
Flekkstrupeugle, Ninox spilocephala
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Ninox
Hodgson, 1837

Ninox er ei biologisk slekt i uglefamilien som samlar 36 nolevande kjende artar.

Dette er små til mellomstore ugler med ei rund hovudform og utan øyrefjører. Dei har relativt lange, spisse venger og ein lang stjert. Ansiktsskiva er utydeleg utvikla. Dei godt synlege naseborene sit i underkant av den oppsvulma vokshuda rundt nebbet.

Utbreiinga til slekta strekkjer seg frå Aust-Sibir, Sør-Asia, Søraust-Asia og Japan, over Filippinane, Ny-Guinea og Australia til New Zealand, Sri Lanka, Malaysia, Sundaøyane og andre øyar i regionen.

Typisk er ein art endemisk for sin øy eller øygruppe, til dømes er christmasugle endemisk for den 135 km² vide Christmasøya. Det finst fleire unnatak: nattsvermarugle, N. novaeseelandiae lever over heile New Zealand, bjeffeugle, N. connivens, boobookugle, N. boobook, våkugle, N. strenua og sahulugle, N. rufa, lever over vide område i Australia og på Ny-Guinea. Falkugle, N. japonica, er ein trekkfugl som hekkar så langt nord som søraustlege Sibir og overvintrar i Søraust-Asia.[1]

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Nolevande medlemmer av Ninox i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist V9:[4]

  • Sahulugle, Ninox rufa, Rufous owl, (Gould, 1846), (LC)
  • Våkugle, Ninox strenua, Powerful owl, (Gould, 1838), (LC)
  • Bjeffeugle, Ninox connivens, Barking owl, (Latham, 1801), (LC)
  • Storsumbaugle, Ninox rudolfi, Sumba boobook, Meyer, AB, 1882, (NT)
  • Boobookugle, Ninox boobook, Australian boobook, (Latham, 1801), (LC)
  • Grynteugle, Ninox rotiensis, Rote boobook, Johnstone, RE & Darnell, 1997, (NT)
  • Timorugle, Ninox fusca, Timor boobook, (Vieillot, 1817), (LC)
  • Alorugle, Ninox plesseni, Alor boobook, Stresemann, 1929, (LC)
  • Tasmanugle, Ninox leucopsis, Tasmanian boobook, (Gould, 1838), (LC)
  • Nattsvermarugle, Ninox novaeseelandiae, Morepork, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Falkugle, Ninox japonica, Northern boobook, (Temminck & Schlegel, 1845), (LC)
  • Hjarteugle, Ninox scutulata, Brown boobook, (Raffles, 1822), (LC)
  • Mørkugle, Ninox obscura, Hume's boobook, Hume, 1872, (LC)
  • Sjokoladeugle, Ninox randi, Chocolate boobook, Deignan, 1951, (NT)
  • Klageugle, Ninox affinis, Andaman boobook, Beavan, 1867, (LC)
  • Filippinareugle, Ninox philippensis, Luzon boobook, Bonaparte, 1855, (LC)
  • Flekkstrupeugle, Ninox spilocephala, Mindanao boobook, Tweeddale, 1879, (NT)
  • Vatreugle, Ninox leventisi, Camiguin boobook, Rasmussen et al 2012, (VU)
  • Spragleugle, Ninox reyi, Sulu boobook, Oustalet, 1880, (VU)
  • Cebuugle, Ninox rumseyi, Cebu boobook, Rasmussen et al, 2012, (VU)
  • Tablasugle, Ninox spilonotus, Romblon boobook, Bourns & Worcester, 1894, (EN)
  • Rustbukugle, Ninox mindorensis, Mindoro boobook, Ogilvie-Grant, 1896, (VU)
  • Småsumbaugle, Ninox sumbaensis, Least boobook, Olsen, Wink, Sauer-Gürth & Trost, 2002, (EN)
  • Togianugle, Ninox burhani, Togian boobook, Indrawan & Somadikarta, 2004, (NT)
  • Okerbukugle, Ninox ochracea, Ochre-bellied boobook, (Schlegel, 1866), (NT)
  • Tostøytugle, Ninox ios, Cinnabar boobook, Rasmussen, 1999, (LC)
  • Halmaheraugle, Ninox hypogramma, Halmahera boobook, (Gray, GR, 1861), (LC)
  • Hantuugle, Ninox hantu, Buru boobook, (Wallace, 1863), (LC)
  • Seramugle, Ninox squamipila, Seram boobook, (Bonaparte, 1850), (LC)
  • Tanimbarugle, Ninox forbesi, Tanimbar boobook, Sclater, PL, 1883, (LC)
  • Christmasugle, Ninox natalis, Christmas boobook, Lister, 1889, (VU)
  • Manusugle, Ninox meeki, Manus boobook, Rothschild & Hartert, EJO, 1914, (LC)
  • Hekseugle, Ninox theomacha, Papuan boobook, (Bonaparte, 1855), (LC)
  • Maseugle, Ninox punctulata, Speckled boobook, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC)
  • Dryadeugle, Ninox odiosa, New Britain boobook, Sclater, PL, 1877, (VU)
  • Bismarckugle, Ninox variegata, New Ireland boobook, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC)

Den nyleg utdøydde latterugle som levde på New Zealand, var ei Ninox-ugle, N. albifacies.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Winkler, D. W.; Billerman, S. M.; Lovette, I. J. (2020). Billerman, S. M.; Keeney, B. K.; Rodewald, P. G.; Schulenberg, T. S., red. «Owls (Strigidae), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.strigi1.01.
  2. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (2025). «Parrots». IOC World Bird List Version 15.1. International Ornithologists' Union. Henta 10. mars 2025.
  3. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (11. november 2024). «Norske navn på verdens fugler (IOC14.1)». Birdlife Norge. Henta 10. mars 2025.
  4. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 9.1 utg.). BirdLife International. 21. oktober 2024. Henta 10. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ninox