Uglefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uglefamilien


Snøugle
Snøugle

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Vitskapleg namn
Strigidae

Uglefamilien (Strigidae) er ein famile med små til mellomstore predatorar i den biologiske ordenen Strigiformes. Dei har kort, krokete nebb, stort hovud, sterkt utvikla syn og høyrsle, og er for det meste nattaktive.

«Verkelege ugler», Strigidae, er ein av dei to allment aksepterte uglefamiliane, den andre familien er tårnugler, Tytonidae. Verkelege ugler har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på alle kontinent unntatt Antarktis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Medan verkelege ugler, frå no av berre kalla ugler, varierer sterkt i storleik, slik at dei største artane, hubro og nordfiskeugle, er hundre gonger større enn den minste arten, alveugle, deler ugler generelt ein svært lik kroppsbygning.[1] Typisk har dei stort hovud, korte halar, kamuflerande fjørdrakter og runde andlet med karakteristiske «tallerkenar» rundt auga. Familien er generelt knytt til tre, med nokre få unntak som graveugle, og flyg mot føda eller byttet. Vengene er breie, avrunda og lange. Nett som rovfuglar, syner mange ugleartar kjønnsdimorfisme i storleik, der hofuglar er større enn hannfuglar.[2]

Hornugleunge
Foto: Tom Maack

Fjørene er mjuke og den indre delen av kvar fjør er dunete, slik at uglene rører seg med minimal lyd i flukta. Tær og tars er fjørdekte hos einskilde artar, og meir på artar på høgare breiddegrader.[3] Mange ugleartar i slekta Glaucidium og haukugle har øyelappar på baksida av hovudet, tilsynelatande for å overtyde andre fuglar om at dei blir overvakt heile tida. Talrike nattlege artar har øyretoppar, fjører på sidene av hovudet som er trudd å ha ein kamuflasjefunksjon, ved å bryte opp omrisset av ein fugl som sit stille. Fjørene «andletstallerkenane» er ordna for å styrkje lydar mot øyra. Høyrsla til ugler er svært kjenslevar og øyrane er asymmetriske slik at ugla betre lokaliserer lydkjeldene. I tilhøve til storleiken på kroppen har ugler store auge. I motsetnad til det mange trur, kan ikkje ugler sjå godt i ekstremt mørke, og er også i stand til å sjå fint i dagslys.[1]

Ugler er generelt nattaktive og nyttar mykje av dagen til kvile. Dei blir ofte oppfatta som tamme sidan dei vil tillate menneske å nærme seg. I staden for å ta til flukt, freistar dei å unngå å bli oppdaga. Den kamuflerande fjørdrakta og bruk av skjulte kvilestader er eit forsøk på å unngå predatorar og mobbing frå småfuglar.

Slekter[endre | endre wikiteksten]

Slektene i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[4] Det er 24 slekter i familien som samlar nær 200 nolevande artar.

10 ugleartar hekkar i Noreg. Dette er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 J. S. Marks, R. J. Cannings & H. Mikkola (1999). «Family Strigidae (Typical Owls)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Barn-Owls to Hummingbirds. Handbook of the Birds of the World. Band 5. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-25-3. 
  2. Caroline M. Earhart and Ned K. Johnson (1970) "Size Dimorphism and Food Habits of North American Owls" Condor 72 (3): 251-264
  3. Kelso L & Kelso E (1936) The Relation of Feathering of Feet of American Owls to Humidity of Environment and to Life Zones Auk 53 (1): 51-56
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 

Bakgrunssstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uglefamilien