Nizaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nizaa
(Nizaa)
Andre namn: Galim, nyemnyem, suga
Klassifisering: Nigerkongospråk
 Atlantiske språk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantoide språk
     Nordlege
      Mambiloide
       Suga-Vute
Bruk
Nizaatalande i alt: 10 000 (1985)
Språkkodar
ISO 639-3: sgi

Nizaa, suga, galim eller nyemnyem er eit mambiloid språk som blir tala av om lag 10 000 menneske i området kring landsbyen Galim-Tignère i den vestlege delen av regionen Adamaoua i Kamerun.[1]

Kartet viser utbreiinga til dei viktigaste språka i regionen Adamaoua. Språket er her kalla «suga«.

Namnet på språket og folket[endre | endre wikiteksten]

På nizaa blir språket kalla nyanì nízɑɑ̀ 'nizaa-språket', der nyanì tyder 'språk' og nizɑɑ̀ er endonymet for ein person som høyrer til den etniske gruppa som talar nizaa (Endresen 1990/1991, 1992). (Merk at ordet nizɑɑ̀ får ein høg tone på fyrste stavinga når det kjem etter ordet nyanì. )

Språket er òg kjent under namnet nyemnyem (på nizaa nyanì nyémnyem), som blir oppfatta som nedsetjande, og truleg kjem av fulfulde nyaamnyaamjo 'kannibal'. I Ethnologue står det at språket heiter suga og at baghap er endonymet på gruppa, men desse orda ser ut til å vere ukjende mellom talarane. Ordet suga kan vere ein variant av ordet súgò, som tyder 'ikkje-pere' på grannespråket pere, som er kalla «Kutin» på kartet til høgre. (Endresen 1990/1991, 1992).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur om nizaa[endre | endre wikiteksten]

  • Endresen, Rolf Theil 1990/1991. Diachronic Aspects of the Phonology of Nizaa. Journal of African Languages and Linguistics, Vol. 12 (1990/1991), 171–194.
  • Endresen, Rolf Theil 1992. La phonologie de la langue nizaa (nizɑɑ̀). Nordic Journal of African Studies Vol. 1, No. 1 (1992), 28–52.
  • Endresen, Rolf Theil 1995. Diachronic and Comparative Aspects of Nizaa Tonology. Føredrag halde på The 23rd Annual Conference of African Linguistics, East Lansing, Michigan, 1995.
  • Kjelsvik, Bjørghild 2002. Verb chains in Nizaa. Master-oppgåve i lingvistikk, Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.
  • Kjelsvik, Bjørghild 2008. Emergent speech genres of teaching and learning interaction. Communities of practice in Cameroonian schools and villages. Ph. D. thesis in linguistics, Faculty of Humanities, University of Oslo.
  • Lisons et écrivons le nyanì nízɑɑ̀. Manuel à l'intention des lettrés en français. [Utgjeven av] Centre de la Littérature Nizɑɑ. Galim-Tignère 1995: Littérature Nizaa.

Litteratur på nizaa[endre | endre wikiteksten]

  • Nyanì nízɑɑ̀ mɛ̀ɛ̀rí` wú ŋgàŋwrí`. Syllabaire en langue nizaa. Galim-Tignère 1996: Littérature Nizɑɑ.
  • «Sèw´ yí dɑ̀ɑ̀ŋnà.» Gɛ̀ɛ̀ŋ Nizɑɑna`. «Le soir chez nous.» Contes Nizɑɑ. Galim-Tignère 1996: Littérature Nizɑɑ.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Suga i Ethnologue]