Galim-Tignère
Hopp til navigering
Hopp til søk
Galim-Tignère | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Galim-Tignère |
Galim-Tignère er ein landsby i regionen Adamaoua i Kamerun. Han ligg om lags halvvegs mellom regionhovudstaden Ngaoundéré og grensa mot Nigeria, sørvest for landsbyen Tignère i divisjonen Faro-et-Déo.
Det bur truleg om lag 3000 menneske i Galim, og dei fleste høyrer til dei etniske gruppene nizaa, fulaniar, hausaer, chambaer og kanuriar. Lamidoen i Galim er nizaa.
Språktilhøve[endre | endre wikiteksten]
Dei viktigaste språka i Galim er nizaa, fulfulde, hausa og chamba. Kanuriane i Galim snakkar ikkje lenger kanuri, men fulfulde, som fungerer som lingua franca i Galim, som elles i Adamaoua. Det finst òg mindre grupper som talar vute og gbaya. Språktilhøva i Galim er skildra i Endresen (1999).
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Endresen, Rolf Theil 1999. Multilingualism in a Cameroonian village. S. 195-203 i Brendemoen, B. o.a. (eds.): Language encounters across time and space. Oslo: Novus Press.
Denne geografiartikkelen som har med Kamerun å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.