Nonneseter haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nonneseter


Stasjonsområde
Stad Kaigaten i Bergenhus i Bergen
Distanse 0,44 km frå Byparken
Opna 22. juni 2010
Arkitekt CUBUS
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bybanen
Operatør(ar) På vegne av Skyss:
Fjord1 Partner (2010-2014)
Keolis Norge (2014-i dag)
Rute(r) Byparken-Lagunen
Overgang
Tog Bergen stasjon
Kart
Nonneseter stasjon

Nonneseter er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen, oppkalla etter Nonneseter kloster, som låg her i mellomalderen, og som det framleis er bygningsrester av rett attmed haldeplassen. Haldeplassen ligg utanfor den vestre sideinngangen til jarnbanestasjonen Bergen stasjon, og gjev ein snøgg og stutt overgang mellom Bybanen og lokal- og regiontoga på Bergen stasjon. Området høyrer til i Bergenhus bydel.

Haldeplassen opna 22. juni 2010, saman med dei andre haldeplassane på det fyrste byggesteget av Bybanen sørover frå Bergen sentrum. Gata som haldeplassen ligg i, er opa for busstrafikk og nytta av bussar som skal til Bystasjonen.

Kvar 17. mai vert Nonneseter haldeplass nytta som endestasjon for Bybanen i den tida det bergenske 17-maitoget, kalla prosesjonen, går i Christies gate. Denne gata krysser Kaigaten, der Bybanen går, like før den ordinære endestasjonen, Byparken. Det er lagt til rette med pens for ekstraordinært sporskifte i Kaigaten for at ruteavviklinga skal kunne fungere utan å kome i konflikt med prosesjonen. Bybanen vil heller ikkje stoppe på haldeplassen Bystasjonen under prosesjonen.[1]

Nonneseter haldeplass. Den kvite, firkanta bygningen med pyramidetak er restane etter tårnet på kyrkja i Nonneseter kloster, som låg her i mellomalderen. Jarnbanestasjonen ligg på venstre side av gata.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]