Nordlege e-mål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordlege e-mål er dei nordlege målføra av vestnorsk som har endinga -e i dei fleste infinitivsformene og i ubunden form eintal av svake hokjønsord. Nordlege e-mål blir tala i Sogn og Fjordane fylke med unntak av Midtre og Indre Sogn og i Møre og Romsdal fylke med unntak av Nordmøre.

Særtrekk ved nordlege e-mål[endre | endre wikiteksten]

Inndeling av nordlege e-mål[endre | endre wikiteksten]

Til dei nordlege e-måla høyrer først og fremst sunnfjordsmålet, nordfjordsmålet og sunnmørsdialekten, og i tillegg målføret i den ytste delen av Sogn. Romsdalsdialekten blir oftast òg medrekna til dei nordlege e-måla, men utgjer elles ei overgangsform til trøndermål og midlandsmål.

Ytre Sogn[endre | endre wikiteksten]

Sunnfjord[endre | endre wikiteksten]

Sjå nøyare utgreiing under sunnfjordsmål.
Les òg om Jølstramålet.

Nordfjord[endre | endre wikiteksten]

Sjå nøyare utgreiing under nordfjordmål.

Sunnmøre[endre | endre wikiteksten]

Sjå nøyare utgreiing under sunnmørsmål.

Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Romsdalsmålet blir, som nemnt ovanfor, oftast rekna til dei nordlege e-måla, men skil seg ut frå resten av dei på mange vis — slik som tjukk l for l i somme stillingar (men ikkje for rd) og utbreidd monoftongering av historiske diftongar, både ei- og øy-diftongar, som begge nærmar seg ein slags æ-lyd i uttale. Dette gjeld bygdemåla, ikkje Moldedialekten, som har klare ei-tvelydar i ord som heil, meir og veit, men òg klare monoftongar i staden for øy i ord som høre, kjøre og drømme. Sjå nøyare utgreiing under romsdalsdialekt. (I nordmørske bygdemål finn vi elles ei monoftongeringa av ei, men til ein litt breiare æ enn i romsdalsmåla, medan øy-diftongen liksom i Moldedialekten er erstatta av rein ø-lyd i ord som høre, osv.)

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.