Nordlyskatedralen Alta kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlyskatedralen Alta kyrkje
kyrkje
Nordlyskatedralen vinter.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Alta
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Alta
Arkitekt Schmidt-Hammer-Lassen Architects,
LINK Signatur A/S
Innvigd 10. februar 2013
Tårn 47 meter
Døypefont Peter Brandes
Altartavle Peter Brandes
Sitjeplassar ~355

Nordlyskatedralen Alta kyrkje
69°57′54″ N 23°15′59″ E
Wikimedia Commons: Nordlyskatedralen

Nordlyskatedralen Alta kyrkje er den nye hovudkyrkja i Alta sokn i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedømme. Den nye kyrkja har vorte til etter 40 år med innsats frå den lokale kyrkjelyden. Katedralen er laga i ei nordlysliknande spiralform og har eit tårn med totalhøgd på 47 meter. Katedralen er ei fleirbrukskyrkje med mange ulike rom fordelt på tre etasjar. Utsmykkinga og dei liturgiske møblane i kyrkjerommet er utforma av den danske kunstnaren Peter Brandes.

Vigslingsgudstenesta for Nordlyskatedralen vart halden sundag 10. februar 2013 og vart kringkasta direkte i radiogudstenesta i NRK P1 den dagen samt på nett-TV. Til stades på gudstenesta var Kronprinsesse Mette-Marit og biskop i Nord-Hålogaland, Per Oskar Kjølaas.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]