Nordreisa kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°46′10″N 21°2′0″E

Nordreisa kyrkje
kyrkje
Nordreisa kirke 49501.jpeg
Nordreisa kyrkje (ssv. 1938).
Foto: Alf Schrøder (Sverresborg Trøndelag Folkemuseum / Digitalt Museum)
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Nord-Troms
Sokn Skjervøy
Fellesråd Skjervøy
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk Lafta
Material Tømmer
Innvigd 1856
Kyrkjegard Det er kirkegård ved kyrkja
Altar «Nedtagelsen» av Mons Breidvik

Nordreisa kyrkje
69°46′11″ N 21°1′59″ E
Wikimedia Commons: Nordreisa kirke

Nordreisa kyrkje er ei langkyrkje med 350 plassar frå 1856 i Nordreisa kommune i Troms fylke. Attmed kyrkja står eit servicebygg som tidlegare vart brukt til bårehus.

Byggverket er i tømmer som vart henta frå Kirkestilla eller Kirkkosuanto[1] i Reisadalen, om lag 40 km frå Storslett. Tømmeret vart fløyta nedover Reisaelva til byggestaden. Tømmeret er framleis synleg inne i kyrkja, og ein kan sjå ein lafteteknikk utført i ei tid med berre handdrivne verktøy.

Arkitekt og stadskonduktør Christian Henrik Grosch skreiv 9. august 1852 til Kirkedepartementet at han sender «de af det høie Departement forlangte Tegninger til en Kvænkirke for Reisen Dalen, tilhørende Skjervøe Præstegjeld, paa 5 Blade med tilhørende Beskrivelse og Overslag.»[2]

Kyrkja vart vigsla 8. oktober 1856 av biskop Knud Gislesen.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Altertavla er frå 1923. Ho har tittelen «Nedtagelsen» og er laga av Mons Breidvik. Under måleriet står eit sitat frå Evangeliet etter Johannes 1, 29: Se det Guds Lam som bærer Verdens Synd. Frå kyrkja vart bygd til altertavla kom på plass stod det ein enkelt kvitmålt kross på alteret.

Under andre verdskrigen vart kyrkja brukt som bustad for tyske soldatar og likhuset vart brukt som hestestall. Mykje av inventaret vart borte på denne tida. Til dømes vart dåpsfatet funne i ein haug med hestemøkk nokre år etter krigen, det vart restaurert og heng no til pynt på veggen ved dåpssakristiet. Men kyrkja vart spara under brenninga av Nord-Troms og Finnmark.

Under klokkeringing på ei av høgtidene vinteren i 1975 sprakk kyrkjeklokka på grunn av ekstrem kulde. Ny klokke vart kjøpt inn i 1976, den er litt mindre enn den gamle, som no står på taket av dåpssakristiet inne i kyrkja.

Allereie i 1908 fekk kyrkja eit harmonium i koret. I 1968 fekk kyrkja det første pipeorgelet sitt, eit orgel bygd av Vestre orgelfabrikk. I 2005 fekk kyrkja eit nytt pipeorgel bygd av Robert Gustavsson orgelbyggeri på 19 piper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkkosuanto». Kvensk stedsnavndatabase. Henta 2. august 2017. 
  2. «Nordreisa sokn > Kirkene > Nordreisa kirke». nordreisasokn.no (bokmål). Henta 20. juli 2017. 
  • Turistbrosjyra Nordreisa kirke utgitt av Den norske kyrkja, Nordreisa sokn og utlagt i kyrkja. Udatert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]