Mons Breidvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mons Breidvik
Fødd 15. januar 1881
Død

15. august 1950

Yrke kunstmålar

Mons Breidvik (15. januar 188115. august 1950) var ein teiknar, målar og bokkunstnar frå Brekke i Gulen kommune. Han var busett i Norheimsund i Kvam kommune i Hardanger delar av livet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mons Breidvik var odelsgut på heimgarden på Brekke, men sa frå seg garden og ville utdanna seg innan kunst i staden. Vinteren 1897-98 gjekk Breivik på Framnes ungdomsskule (folkehøgskule). Der møtte han Anna Heradstveit frå Kvam, som han gifte seg med i 1905 og fekk seks born med. Kunstnarparet budde i Breidvik i Gulen i åra 1905-07, på Heradstveit i Kvam 1907-10 og frå 1910 på kunstnarbustaden Fosslid som Breidvik sjølv fekk bygt i nærleiken av Vikøy kyrkje. Anna døydde i barselseng i 1914. Etter dette hadde Mons Breidvik tre ekteskap.

Breidvik fekk utdanning av både Harriet Backer og Erik Werenskiold, og særleg Werenskiold var til stor inspirasjon for han. Han studerte også i Tyskland og Italia.

I 1915 debuterte han på Statens haustutstilling, der han skulle koma til å delta 11 gonger. Etter kvart stifta han også venskap med kunstnarane Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Han vart kjend for å måla gode portrett og teikningar av badande småborn.

I åra 1925 - 1936 var han busett i Sambandsstatane. Han deltok på hundreårsfeiringa av utvandringa, og under ei markering i Minnesota der president Calvin Coolidge heldt tale, teikna Breidvik presidenten. Han utsmykte også fleire bygningar i New York, m.a. Grace Episcopal ChurchLong Island og Straubenmuller Textile High School. Utsmykkingsarbeida han gjorde i USA er dei største han utretta.

Livsverk og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Av kyrkjeutsmykningane hans i Noreg kan nemnast altertavla i Hersvik kyrkje i Solund i 1920 og Brekke kyrkje i heimbygda Brekke i 1930-åra. Han illustrerte også ei rad bøker og laga teikningar for barneblad.

Breidvik var ein forkjempar for norsk språk, bunadsskikk og for Vestlandet sin plass i den norske kunstscena. Han ynskte seg eit eige vestnorsk kunstakademi som motvekt til akademiet i Oslo. Sjølv fekk han ikkje sjå denne draumen oppfylt, men Vestlandets Kunstakademi, som no heiter Kunsthøgskolen i Bergen, vart skipa i 1973.

Mons Breidvik døydde i 1950 og er gravlagt på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje. Verka hans er i dag representert i Nasjonalgalleriet, og han er innkjøpt til Metropolitan Museum of Art i New York. Reidar Storaas gav ut ein biografi om han i år 2000, som fekk namnet Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Boka kom ut på Selja Forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]