Norrköping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 58°35′38.486″N 16°10′3.9180″E

Sankt Olai kyrkje, døypt etter Olav den heilage
Norrköping rådhus

Norrköping er ein svensk by og administrasjonssenter i Norrköpings kommun i Östergötlands län i landskapet Östergötland. I 2011 hadde byen 87 247 innbyggjarar.

Byen ligg ved utløpet til Motala ström i Bråviken av Austersjøen. Elva fell 22 meter frå sjøen Glan ned til havnivået og plassen har i all tid blitt brukt for vasskrafta si. Byen fekk bystatus i 1384. Tydinga si som hamne- og industriby fekk Norrköping på 1600-talet av forretningsmannen Louis de Geer (1587-1652), som kom hit frå Holland. På 1800- og store delar av 1900-talet var Norrköping kjend som «Sveriges Manchester» med fleire tekstilverksemder.

Byen har allsidig industri med mellom anna tre-, papir- (avispapir), celluloseindustri og elektroteknisk industri. Her er òg ei oljehamn. Byen er eit trafikknutepunkt ved E4 og jernbana Stockholm–Malmö. Byen har òg ein flyplass. Norrköping er sete for fleire statlege institusjonar som Invandrarverket, Kriminalvårdsstyrelsen, Luftfartsverket, Sjöfartsverket og Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut. Kolmården dyrepark ligg nordaust for sentrum.

Norrköping er ein av få svenske byar som har sporvognstrafikk. Byen er venskapsby med bl.a Trondheim (Noreg).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norrköping er omtalt som by allereie på 1200-talet, og fekk ein blomstringstid på 1600-talet som den første industristaden i Sverige og eksporthamn for jernverka; ei tid landet sitt nest største byen. Ny industrivekst på 1800-talet.

Bykjernen ber preg av byplanlegginga på 1600-talet, med rettvinkla gateplan. Norrköping vart sterkt skadd av russiske åtak i 1719, og berre få bygningar frå 1600- og 1700-talet er verna, blant dei Hedvigskyrkja frå 1670-åra (gjenreist 1719). Byen har interessante industribygningar frå 1800-talet langs Motala ström. Dei gamle industribygningane er seinare teke i bruk til andre formål, bl.a Arbetets museum. Her ligg òg bymuseet, og lenger nord teateret Carl-Johansparken og ruinane av slottet Johannisborg frå 1613. Her er òg nytt konsert- og kongressenter frå 1994.

På 1960-talet opplevde tekstilindustrien nedgangstider og nedleggingar, og det drygde til 1990-talet før det sentrale «industrilandskapet» fann ny bruk som filial til Linköpings universitet («Campus Norrköping») og ulike kunnskapsintensive verksemder.

Strykjärnet med Arbejdets museum

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Norrköping har òg eit godt fotballag, IFK Norrköping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]