Norsk Industriarbeidermuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Norsk Industriarbeidermuseum
Vemork Power Station.jpg
Norsk Industriarbeidermuseum
i gamle Vemork kraftstasjon
Stad Rjukan
Skipa 1983
Opna 20. juni 1988
Museumstype Industrimuseum
Direktør Runar Lia (per 2016)[1]
Nettstad http://vemork.visitvemork.no/

Norsk Industriarbeidermuseum er eit industrimuseum på Rjukan i Telemark. Det opna 20. juni 1988 i den gamle Vemork kraftstasjon som tidlegare tilhøyrde Norsk Hydro.[2]

Sjølve stiftinga Norsk industriarbeidermuseum vart skipa 3. november 1983 av Landsorganisasjonen, Arbeidernes Opplysningsforbund, Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, EL & IT Forbundet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Tinn kommune.

Museet fokuserer mellom anna på tungtvassaksjonen under andre verdskrig og historia til norsk arbeidarrørsle.

Konsolidering[endre | endre wikiteksten]

Norsk Industriarbeidermuseum er ei konsolidert eining av; Norsk Industriarbeidermuseum, Tinn museum, Heddal bygdetun og Rjukanbanen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kontakt oss (tilsette)». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016. 
  2. «Historie». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016. 
  3. «Organisasjon». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016.