Rjukanbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veterantog for Rjukanbanen under 100-årsjubileet i nærleiken av Miland stasjon med utsikt mot Gaustatoppen.
Foto: Øyvind Berg
Lokomotiv frå Rjukanbanen, no på Norsk Jernbanemuseum, Hamar.
Foto: Cato Edvardsen
Mæl stasjon ved Tinnsjø.
Foto: Roar Johansen

Rjukanbanen er ei norsk jarnbanestrekning frå Rjukan til Mæl stasjon. Nokre gonger vert Tinnosbanen frå Tinnoset til Notodden omtala som ein del av Rjukanbanen. Nokre tek med jarnbaneferjeneTinnsjøen i omgrepet «Rjukanbanen». Slik kan ein seia at heile transportstrekninga frå Rjukan til Notodden er Rjukanbanen i vid tyding. Saman med vassvegen Notodden-Skien, danna Rjukanbanen frå opninga i 1909 ei samanhengjande transportline på 130 kilometer. Kong Haakon VII opna Rjukanbanen den 9. august 1909.

Rjukanbanen vart bygd i samband med Norsk Hydro sine store fabrikkprosjekt på Rjukan. Det var trong for å få transportert råstoff inn, og produkt ut til kysten. Rjukanbanen var den fyrste normalspora og elektriske jarnbanen i Noreg. Rjukanbanen vil for alltid vera knytt til framveksten av storindustri i Noreg, men òg til norsk krigshistorie. Kampen om tungtvatnet under andre verdskrig vart avslutta då norske sabotørar senka jarnbaneferja «Hydro» på Tinnsjøen den 20. februar 1944.

Anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2014 og i 2015 vart det innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[1]

Nedlegging og museumsjernbane[endre | endre wikiteksten]

4. juli 1991 gjekk siste tog på Rjukanbanen. Norsk Hydro hadde flytta produksjonen sin andre stadar, og hadde ikkje lenger trong for eit storstilt transportsystem.

Rjukanbanen er frå 2012 museum og ei konsolidert eining av Norsk Industriarbeidermuseum,Tinn museum og Heddal bygdetun.[2]

Stasjonar og haldeplassar[endre | endre wikiteksten]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

DF «Ammonia» ved Mæl.
Foto: SRS scandiline
MF «Storegut» ved Tinnoset.
Foto: SRS scandiline
Tinnoset stasjon med MF «Storegut» i bakgrunnen.
Foto: SRS scandiline
Teiknforklaring
Vemork
Rjukan Salpeterfabrikker
15,95 km Rjukan (1909)
Såem (ca. 240 m)
Måna
13,81 km Ingolfsland (1909)
Tveito (1953)
Bjørkhaug (1953)
10,12 km Øverland (1909)
Skeie (1953)
4,44 km Miland (1909)
Måna (41,4 m)
1,10 km Buslåtten (1953)
0,39 km Mæl (1909)
til TinnosetTinnosbanen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Verdensarven på Rjukan og Notodden». Riksantikvaren. 6. juli 2015. Henta 21. september 2017. 
  2. «Organisasjon». Norsk industriarbeidermuseum. Henta 9. februar 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gary Payton og Trond Lepperød: «Rjukanbanen - på sporet av et industrieventyr»., 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]