Norsk skogkatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svart og kvit norsk skogkatt
Det skal vere karakteristisk for skogkatten at han klatrar ned frå tre med hovudet først.

Norsk skogkatt er ein registrert katterase med opphav i kattar haldne som huskattar i Noreg og Sverige. Karakteristisk for katterasen den lange, raggete vassavstøytande pelsen. Skogkatten har kraftig kroppsbygning, lang kropp, lang busket hale og lange føter med breie potar. Han har gjerne lange øyro med lange øyretufsar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Skogkatten har truleg opphav i korthårskattar frå Sør-Europa og langhårskattar frå Vesleasia, kattar som norske handelsfolk kan ha teke heim alt i mellomalderen. Sidan kattane vart haldne som musejegarar, og stort sett levde utandørs, overlevde dyr som var tilpassa vinterklimaet – det var dyr med lang, vassavstøytande pels, stor kropp og breie potar.

Omkring 1930 starta arbeidet for å ta vare på skogkatten som rase. I 1938 deltok for første gong ein norsk skogkatt på ei utstilling. Frå 1975 har skogkattringen arbeidd med registrering og al av skogkattar. I 1977 fekk skogkatten internasjonal status som rasekatt. Fram til 1985 vart 2000 skogkattar registrerte. Dei første skogkattane vart sende til Tyskland og USA i 1979, til Storbritannia i 1980 og til Frankrike i 1982. Sverige har truleg den største stammen av skogkattar.

I 1990 vart stamboka stengd.[treng kjelde]

Pels[endre | endre wikiteksten]

Skogkatt kan finnast i mange fargar, svart/kvite kattar har gjerne kvite parti på potar og bryst. Overpelsen er svært langhåra med oljeaktige vassavstøytande dekkhår. Underpeslen er tett og ullen. Om vinteren veks det ut ein krage rundt nakken og brystet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Skaukattar var kallenamnet for elevar (seinare studentar) ved Statens skogskole i Kongsberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]