Notre-Dame de Chartres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Notre-Dame de Chartres, vestfasaden.
Katedralen i flaumljos
Planteikning ved Eugène Viollet-le-Duc
Skulpturar på vestportalen, Portail Royal. Det er dei gamaltestamentlege kongelege, ikkje dei franske eller frankiske kongelege, som har gjeve portalen nemninga «kongeleg».
Labyrinten i kyrkjegolvet i skipet i Chartreskatedralen.
Øvste part av glasmåleriet l'Arbre de Jessé i vestveggen.
Kombinasjonen av rosevindauge og lansettvindauge over nordportalen.
Rosevindauget over nordportalen: Jomfru Maria med sonen i sentrum, med kongane av Juda og profetane ikring.
Vindauge under rosevindauget over nordportalen: Maria som barn på fanget til mor si, Anna. Til venstre: Kong David. Til høgre: Kong Salomo.

Katedralen (domkyrkja) er ei av dei mange franske Mariakyrkjene; Notre-Dame tyder Vår frue, det vil seie jomfru Maria. I fortid og notid har denne jomfru Maria-katedralen vore ei viktig pilegrimskyrkje, både på grunn av den tradisjonelle pilegrimsvandringa for jomfru Maria som går føre seg i påskehelga kvart år, og på grunn av at katedralen er bygd som kyrkje for dei skal be sine bønar og gje sine lovnader på pilegrimsruta frå Paris og områda nordanfor, via byen Tours til eit av dei aller viktigaste pilegrimsmåla i den katolske kristendomen, byen og katedralen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania.

Ikkje berre Chatreskatedralen, men fleire av dei store mellomalderkatedralane i Frankrike, mellom anna i Tours, var valfartskyrkjer langs pilegrimsvegane til den spanske katedralen Santiago de Compostela, som etter tradisjonen er bygd over grava til apostelen Jakob den eldre. Han vart halshogd i Jerusalem, slik det går fram av kapittel 12, vers 2 i Apostelgjerningane i Det nye testamentet, men legender gjer greie for korleis det hadde seg at liket til slutt vart gravlagd i denne spanske byen, som har fått namnet Santiago etter Sankt Jakob. Avrettinga av Jakob skal ha skjedd i påska i året 44.

Forhistoria[endre | endre wikiteksten]

Notre-Dame de Chartres ligg på ein gamal kyrkjestad. Den første kyrkja, cathédrale d'Aventin, namngjeve etter den første biskopen i byen, vart reist på midten av trehundretalet, truleg ved foten av den gallo-romanske muren kring byen. Kyrkja vart brent ned i 743 eller 753 av dei visigotiske troppane til hertugen av Aquitaine, Hunald, under ei plyndring av byen. Den nye kyrkja som deretter vart bygd, vart øydelagt av vikingar 12 juni 858 og erstatta av ei større kyrkje som biskop Gislebert fekk bygd. Av denne kyrkja står martyriet framleis att, vanlegvis kalla chapelle Saint-Lubin.

I 876 gav kong Charles le Chauve (Karl den skallete), barnebarn av Charlemagne (Karl I den store) ein særs heilag relikvie til Chartreskatedralen, Voile de La Vierge eller Sainte Tunique («Jomfru Marias slør» eller «heilage kjortel»), og dette gjorde katerdralen til ein Mariaheilagdom av fremste klasse. Sløret eller kjortelen er ifølgje tradisjonen den klednaden som jomfru Maria hadde på seg då ho mottok bodskapen om å verte mor til Guds son. Eit stykkje av plagget er framleis i katedralen, og vert synt fram i eit av kapella. Etter ei ekspertvurdering frå 1927 kan klednaden skrive seg frå dei første hundreåra av vår tidsrekning, laga av silke som har hatt høgt verde i si tid. Under den franske revolusjonen vart relikvien kutta opp og seld stykkevis.

Katedralen som biskop Gislebert fekk bygd, den tredje katedralen på staden, vart brent ned 5. august 962 i ein krig. Ein fjerde katedral vart reist, men øydelagt av brann 7. og 8. september 1020. Denne gongen var brannen eit uhell, ikkje skadeverk og herjing. På ruinane reiste biskop Fulbert, ein katedral i romansk stil. Han skreiv til fleire kongar for å få finansiert byggverket, og fekk godt med midlar. Arbeidet byrja med krypten, som den dag i dag er den største i Frankrike; ein omgang vart laga ikring martyriet chapelle Saint-Lubin, og slik gjekk det til at dei opphavlege fem vindauga i chapelle Saint-Lubin vart gjenmura. Denne nedre kyrkja vart bygd i åra 1020 – 1024 slik ho framleis står i dag. Heile katedralen, som vart 108 meter lang og 34 meter brei, var ferdig til å kunne vigslast 17. oktober 1037. Biskop Fulbert var då avliden, i 1029, og vart deretter heilagkåra som Saint Fulbert.

Den noverande katedralen[endre | endre wikiteksten]

Byen Chartres vart nesten fullstendig øydelagt av brann 5. september 1134. Men den romanske katedralen til biskop Fulbert gjekk fri, sjølv om det er truleg at fasadane kan ha vorte skada. Bybrannen gjorde det i alle høve mogleg å gå i gang med nye byggjearbeid, for brannen hadde frigjort areal framfor skipet på katedralen. I åra 1142 til om lag 1150 vart desse areala nytta til å setje opp den vestfasaden som katedralen framleis har. Arbeidet med å reise det nordre tårnet (omtalt som «clocher neuf», det nye kyrkjetårnet) tok til på denne tida. Tårnet fekk til å byrje med berre to etasjar, med spir av tre tekka med bly, og stod slik fram til 1506. Den rikt skulpterte kongeportalen (portail royal) kom òg til i tida frå 1142 til om lag 1150. Arbeidet med den søndre tårnet (som i vår tid vert omtalt som «clocher vieux», gamletårnet) byrja i 1145, og det stod ferdig i full høgd, med spir og det heile, om lag 1160.

Men 11. juni 1194 brann det att i katedralen. Berre kryptane og vestfasaden med dei to tårna kom frå det utan nemnande skade. Difor kunne kryptane, vestfasaden med tårna, portalen og dei tre vindauga over portalen med glasmåleria l'Arbre de Jessé (Isai-treet/Esaiastreet, «Jesu stamtre»), La Vie du Christ (Kristi liv) og La Passion (Kristi liding), nyttast i den nye katedralen som vart bygd på branntomta, og som er den same som står der den dag i dag. Jamvel eit av dei andre glasmåleria i kyrkja vart berga frå flammene, Notre-Dame de la Belle-Verrière, og kom på plass i den nye katedralen (fleire felt med englar etc. vart føya til).

Desse fire glasmåleria, som er rekna som dei venaste i Notre-Dame de Chartres, er soleis òg dei eldste, frå midten av 1100-talet. Løyndomen bak framstillinga av det vakre glaset i dei blå partia i desse glasbileta har visstnok ingen klart å avsløra, og liknande venleik i fargane er korkje å sjå i dei andre glasmåleria i denne katedralen, eller andre stader. Det er jamvel påstått at glasmåleriet l'Arbre de Jessé er det vakraste i verda på grunn av den meisterleg komposisjonen, den smidige linjeføringa i teikninga, den framifrå glasteknikken, og framfor alt dei makelause fargane.

Relikvien Voile de la Vierge var lukkelegvis brakt til ein trygg stad, chapelle de Saint Lubin, og kom soleis ikkje til skade i storbrannen. Då brannen raste, trudde ein at relikvien hadde gått tapt, og attfinninga vart difor tolka som bodskap frå Maria om at ho ynskte seg ein større katedral for relikvien sin. Kan hende har dette vore årsaka til iveren og entusiasmen for å få reist den nye katedralen så snøgt som det vart gjort. Det viktigaste byggjearbeidet var fullført og katedralen teke i bruk av presteskapet i åra 1220 – 1225. I 1240 var nye glasmåleri allereie på plass, og kyrkja vart høgtideleg innvigd i 1260.

Byggjearbeidet på Chatreskatedralen (og andre mellomalderkyrkjer) stod spesialiserte arbeidarar for, kalla compagnons og samla i sokalla brorskap (confréries eller fraternités), som fekk oppgjerd etter akkordprinsippet. Dei hogg ofte identifikasjonsmerka eller signaturene sine («steinhoggarmerke») inn i steinblokkene i murverket.

Vesttårna[endre | endre wikiteksten]

Dei to særs ulike vesttårna gjer det lett å kjenne att Notre-Dame de Chartres, og skilje denne katedralen frå andre gotiske mellomalderkyrkjer. Det søndre av tårna står med si heilskaplege stilistiske arkitektoniske utforming under det høge og særs enkle spiret i markant kontrast til det nordre tårnet med sine små vindauga mellom tunge støttepillarar i det nedste partiet, påverka av den romanske tradisjonen, og det øvre partiet i 1500-tals lettare gotiske stil, gothique flamboyant. Det søndre tårnet er 105 meter høgt, det nordre 115 meter.

Portalane[endre | endre wikiteksten]

Vestportalen, eller Portail Royal (kongeportalen), som altså skriv seg frå den katedralen som brann i 1194, stod truleg ferdig om lag på midten av 1100-talet. Portalen er eigentleg eit kompleks av tre portalar, og gjev tilgang til midtskipet i katedralen. Dei er pryda med skulpturar etter eit program som går ut på at den høgre representerer Jesu inngang i den jordiske verda ved å verte knytt til Jomfru Maria, medan den venstre representerer Jesu utfart frå denne verda, himmelfarten. Den midtre av desse tre portalane gjeld Jesu maktutøving som domar på den siste dagen. På kapitela på portalsøylene er Jesu jordiske liv mellom fødsel og himmelfart skildra, basert både på Det nye testamentet og dei apokryfe evangelia, og byrjar allereie med Joakim og Anna, Marias far og mor, tek med alle dei sentrale hendingane, og vert avslutta med Jesu himmelfart. Serien med desse scenene tek til på venstresida av sentralportalen og held fram mot det nordre tårnet, medan resten av skildringa går frå høgre sida av sentralportalen og fram mot det søndre tårnet. Men framstillinga kan i nokre høve avvike frå det kronologisk rette, truleg av di portalen har vore demontert og sett opp på nytt i si tid. Til saman er det ikkje mindre enn to hundre små og store statuar i dette portalkomplekset.

Nordportalen, som gjev tilgang til nordenda av tverrskipet, er likeeins eit kompleks av tre portalar. Denne portalen er frå byrjinga av 1200-talet, og var då enklare enn no, resten har kome til seinare og kravde inngrep i vesentlege konstruksjonselement. Skulpturane knyter seg til forteljingane i Det gamle testamentet og lovprisar Jomfru Maria med ei stor mengd skulpturar som representerer dei patriarkane og profetane som stod fremst med omsyn til å preike om Jesu komme, der Sankt Peter står for sambandet mellom Det gamle og Det nye testamentet. På sentralportalen er Jomfru Maria i armane på mora, Anna, framstilt. I kvelvbogane er verdssoga skildra, heilt frå skapinga og syndefallet fram til Marias himmelfart, mottaking av sonen sin i himmelen, der ho sit ved sida av han og vert velsigna av han. Dette er soleis først og fremst ein Mariaportal.

Sørportalen, som gjev tilgang til sørenda av tverrskipet, er òg ei gruppe av tre portalar som opphavleg har vore enklare utforma. Tema for motivkrinsen på portalen er Jesus og heile kyrkja hans, han har apostlane, martyrar og skriftefedre kring seg; Jesus er framstilt på sentralportalen ståande som himmelsk lærarmeister med boka i venstrehanda og høgre handa løfta til ei gest som krevjar merksemd og gjev velsigning.

Utvendige og innvendige skulpturar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til portalskulpturane er katedralen utstyrt både utvendig og innvendig med ei mengd relieff og skulpturar som alle har si soge å fortelje.

Glasmåleria[endre | endre wikiteksten]

Katedralen har 176 vindauge med glasmåleri, tre av dei er rosevindauge, eit i vestfasaden med ei ljosopning med tverrmål på 12 meter og som tema domen som skal seiast på den siste dagen, eit over sørportalen med tverrmål på 10,56 meter og tema frå Apokalypsen, og eit over nordportalen på 10,15 meter med lovprising av jomfru Maria som tema. Under rosevindauget er det fem glasmåleri, med ei monumental Sankta Maria med sonen på fanget avbilda i det midtre Glasmåleria i dei andre fire er noko for seg sjølv, då dei syner dei fire evangelistane som rir på akslane til kvar sin gamaltestamentlege profet, slik små barn rir på akslane til vaksne. Profeten Jesaja ber i det eine av glasmåleria på evangelisten Matteus, og Jeremia ber på evangelisten Lukas i glasmåleriet attmed dette. Esekiel ber på evangelisten Johannes og Daniel ber på evangelisten Markus i dei to andre glasmåleria. Evangelistane ridande på profetane skal symbolisere kontinuiteten mellom Det gamle og Det nye testamentet, men er i fransk samanhang ein underleg og eineståande måte å framstille dette på. Det er rekna med at påverknad frå Roma kan ha hatt sitt å seie. I katedralen i Bamberg i Tyskland er det skulpturar som uttrykker den same bodskapen på tilsvarande vis.

Dei tre glasmåleria frå 1100-talet på vestfasaden, over portail Royal, med l'Arbre de Jessé, La Vie du Christ og La Passion som tema, utgjer ei eining som har som tema Jesu jordiske liv og forhistoria til det. På det nordre av desse glasmåleria, l'Arbre de Jessé, er det nedst ei framstilling av Jessé, som i den nynorske Bibelomsetjinga frå 1978 har namnet Isai. Isai, som er far til den gamaltestamentlege kong David, ligg i svevn på ei seng medan eit kvit tre gror ut av kroppen på han som illustrasjon på det som er sagt av Jesaja i Det gamle testamentet (kapittel 11 i Jesaja), og som Paulus syner til i kapittel 15, vers 17 i brevet til romarane i Det nye testamentet. Oppover i greinene på treet er framstilt fire kongar, jomfru Maria, og øvst Jesus med sju duer ikring seg som representerer Den heilage Andes gåver, medan ei rad profeter oppover på kvar side av treet annonserer Jesu komme. På den måten gjer biletet greie for Jesu jordiske og himmelske avstamming og status.

Det midtre av glasmåleria tek for seg Kristi liv frå og med han vart konsipert ved den bodskapen som Maria mottok av engelen om å verte mor for han, til inntoget hans i Jerusalem. Dei mange scenene i dette glasmåleriet skildrar mellom anna Mara og engelen, båe ståande; Maria på vitjing hjå Elisabeth, som vart mor til døyparen Johannes; Jesu fødsel; bodskapen til gjetarane; møtet mellom Herodes og dei tre vise mennene; tilbedinga av den nyfødde; Marias rituelle reinsking etter fødselen; bornedrapa illustrert mellom anna med ei knelande, sørgjande mor som varsamt held handa si over det fredfylte, døde barnet sitt; den heilage familiens flukt til Egypt, hendingane på ferda, og heimkomsten etter opphaldet. Øvst i glasmåleriet er Maria framstilt saman med to englar.

Jesu liding og oppstode er temaet for det søndre av desse tre glasmåleria, som byrjar med Jesu forklåring (transfigurasjon), den hendinga at Jesus vart forvandla framfor auga på Peter, Jakob og Johannes etter at han hadde teke dei med seg opp på eit høgt fjell, skildra i 9. kapittel, vers 2 – 10 i evangeliet etter Markus. Deretter følgjer framstillingar av Jesus som går ned av fjellet saman med dei tre apostlane, av nattverden, fotvaskinga, Judas' svik, piskinga av Jesus, Jesu død på krossen, nedtakinga, gravlegginga, kvinnene ved grava, Maria Magdalena som gjer Jesu oppstode kjent for apostlane, Jesus som syner seg for kvinnene, møtet i Emmaus mellom Jesus og læresveinane, og måltidet som Jesus held saman med læresveinane.

Samanrekna er flatene i glasmåleria i Chartreskatedralen på 2600 rutemeter. Nokre av glasmåleria er berre i gråtonar (grisaille), nokre få er erstatningar frå så seint som 1900-talet. Motiva er bibelske eller gjeld evangelistar og andre helgenar, i eit av glasmåleria vert Notre-Dame de Chartres lovprisa. Dessutan har kong Charlemagne fått soga om sine erobringar og sitt kristne sinnelag skildra i glas, inklusive scener som skildrar liv og virke til den legendariske krigarhelten Roland, som var knytt til Charlemagne. Dei fleste glasmåleria har dessutan framstillingar av representative yrkesutøvarar for dei av handverkar- eller kjøpmannslauga som har gjeve vedkomande glasmåleri som gåve til katedralen, eller av medlemar i familiar som har gjort det same.

Labyrinten i Charteskatedralen[endre | endre wikiteksten]

Labyrinten er ein sirkulær geometrisk figur frå mellomalderen som finst i golvet i skipet, mellom tredje og fjerde søyleparet, forma i mosaikk som eit 261,55 meter langt band i slyngar inn mot sentrum i figuren. Mange tankar og spekulasjonar om meininga med denne labyrinten har vore kasta fram. Vanlegvis vert nok figuren sett på som ei symbolsk framstilling av den vegen mennesket må gå for å nå fram til Gud. Ein kan soleis rekne labyrinten som ein invitasjon til ei pilegrimsvandring for bot og meditasjon. Dei pilegrimane som har lagt ut på denne særs stutte og lokale pilegrimsruta kan ikkje berre gå inn i labyrinten, men må ut att òg. Soleis vert dei oppmoda eller tvungne til å velje den retninga ut av labyrinten som førar til koret og alteret i katedralen, og derfrå leggje ut på den ferda i reell og/eller overført tyding som Vår frue og sonen hennar peikar ut for dei der.

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på mellom anna opplysningar om Notre-Dame de Chartres på Cathédrale Notre-Dame de Chartres frå Wikipedia på fransk 20. februar 2010, og dessutan opplysningar i boka Monographie de la Cathédrale de Chartres av Étienne Houvet (med bidrag av Jean Villette), Editions Houvet, Chartres [prenta 1984; utan ISBN-nummer], og i boka Les vitraux de Chartres av Alphonse Dierick, Paris/Berne 1976: Société française du livre/Hallwag SA [utan ISBN-nummer].
  • Paulsson, Gregor. 1977 [1969]. Konstens världshistoria : medeltiden. Stockholm: Natur och Kultur. (Sjå mellom anna side 241 - 243 med detaljert oversyn over skulpturar og tema på portalane i Chartreskatedralen i bolken om De stora katedralernas tid). ISBN 91-27-01662-5 Utgåva frå 1990: ISBN 91-27-02417-2