Notre-Dame de Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå Notre-Dame og Vår Frue for andre kyrkjer med same namnet.
Notre-Dame de Paris
kyrkje
Kart
Notre-Dame de Paris
48°51′11″ N 2°20′59″ E
Wikimedia Commons: Cathédrale Notre-Dame de Paris
Notre-Dame i april 2005.

Notre-Dame de Paris, eller berre Notre-Dame (som tyder Vår frue, altså Jomfru Maria), er ein katedral i Paris bygd i tida 1163–1345. Katedralen, som er hovudsetet for det romersk-katolske erkebispedømet Paris, ligg på øya Île de la Cité i elva Seinen, og er ein stor turistattraksjon.

Notre-Dame de Paris med eit tynt lag snø på taka. Den utvendige oppstøttinga av kvelva over romma inne i kyrkja dominerar fasadane på denne og andre gotiske kyrkjer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Planlegging av kyrkja vart sett i gang i 1159 av biskop de Sully. Den første steinen vart lagd i 1163 og markerte byrjinga på slit i to hundre år for mange arkitektar og handverkarar. Kyrkja er bygd som ein basilika i gotisk stil, med fem kyrkjeskip, tverrskip og kyrkjekor med utvendige kapell og gravmæle. I vest er det to 69 meter høge tårn og ei fasade rikt dekorert med skulpturar og relieff. Over Dommedagsportalen er eit av rosevindauga, med glasmåleri frå 1200-talet. Kyrkja vart restaurert i 1845-64 under leiing av Eugène Viollet-le-Duc. Vidare restaurering og vedlikehald byrja i 1991.

Napoleon Bonaparte lét seg krona til keisar av Frankrike i Notre-Dame den 2. desember 1804.

Katedralen har vorte klassifisert som eit verdshistorisk monument av Dei sameinte nasjonane.

Brann i 2019[endre | endre wikiteksten]

Brann i 2019.

Notre-Dame kom i brann 15. april 2019, under eit restaureringsarbeid. Spiret til bygningen tok fyr først. Det fall saman på grunn av brannen, og større delar av taket fall også ned. Seinare oppstod det også brann i eit av dei to tårna.[1]

Kyrkja i skjønlitteraturen[endre | endre wikiteksten]

Ringaren i Notre Dame er ein roman av Victor Hugo som har mykje av handlinga si lagt til kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elster, Kristian (15. april 2019). «Notre-Dame i Paris står i brann». NRK (på norsk bokmål). Henta 15. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Notre-Dame de Paris