Nottamun Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nottamun Town er ei engelsk folkevise, som kanskje går heilt attende til seint i mellomalderen. Han er populær i Appalachane i USA.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste versjonane av songen har denne teksten:

In Nottamun Town, not a soul to be seen
Not a soul would look up, not a soul would look down
Not a soul would look up, not a soul would look down
To show me the way to fair Nottamun Town

I bought me a horse twas called a grey mare
Grey mane and grey tail and green stripe on her back
Grey mane and grey tail and green stripe on her back
Weren't a hair upon her that was not coal black

She stood so still threw me to the dirt
She tore at my hide, she bruised my shirt
From saddle to stirrup I mounted again
And on my ten toes I rode over the plain

When I got there no one did I see
They all stood around me just looking at me
I called for a cup to drive gladness away
And stifle the dust for it rained the whole day

And the King and the Queen and the company more
Came a riding behind and a walking before
Come a stark naked drummer beating a drum
With his hands in his bosom came marching along

Sat down on a hard hot cold frozen stone
Ten thousand stood round me but I was alone
Took my hat in my hand to keep my head warm
Ten thousand was drowned that never was born

I Amerika[endre | endre wikiteksten]

Songen vart oppdaga fleire stader gjennom Appalachane og sidan desse stadane ligg fråskilde frå kvarandre tyder det at songen vart ført til Amerika frå England. Songen er spelt inn av mellom andre Jean Ritchie.

Bob Dylan lånte melodien til «"Nottamun town» for hans «Masters of War» frå 1963 frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen er forholdsvis populær i English Midlands, særleg i Nottinghamshire, Leicestershire, sørlege Yorkshire og Northamptonshire, som støttar teorien om Nottamun i songen er ei omskriving av Nottingham.

Det er mange teoriar om tydinga av songen, men to vert generelt rekna som trulege:

1. At han kjem frå Feast of Fools eller Mummers Play og deira absurde omvendte verd.

2. At han syner til den engelske borgarkrigen. I denne krigen stilte Karl I av England opp den første armeen sin kring Nottingham og tittelen kan vere ei omskriving av bynamnet.

Velkjende versjonar av songen er gjort av Fairport Convention og Bert Jansch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]