Nusrat Fateh Ali Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nusrat Fateh Ali Khan
Fødenamn Parvez Fateh Ali Khan
Fødd 13. oktober 1948
Lyallpur (no Faisalabad) i Panjab i Pakistan
Død

16. august 1997
London i Storbritannia

Instrument Song, harmonium, tabla
Sjanger Qawwali, ghazal, fusion
Aktive år 1965–1995
Tilknytte artistar Michael Brook, Jonathan Elias, Peter Gabriel, A.R. Rahman, Eddie Vedder, Rahat Fateh Ali Khan
Plateselskap Real World, OSA, EMI, Virgin Records

Ustad Nusrat Fateh Ali Khan (13. oktober 194816. august 1997) var ein pakistansk qawwali-musikar. Han er best kjend for å ha teke denne tradisjonelle musikkforma til eit internasjonalt publikum og smelta henne saman med andre tradisjonar til verdsmusikk. Samstundes utmerka han seg innanfor tradisjonen, og lærte opp ein generasjon nye qawwali-musikarar. Nusrat inspirerte eller samarbeidde med musikarar frå andre tradisjonar som Jeff Buckley, Peter Gabriel, Eddie Vedder og A.R. Rahman.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Nusrat kom frå ein gammal musikarfamilie, og faren Fateh Ali Khan og farbroren Mubarak Ali Khan dreiv ei qawwaligruppe. På grunn av den låge statusen til musikarar ønskte faren at Nusrat skulle utdanna seg og bli lege, men sonen hadde slikt eit talent for og ønskje om å læra og driva med musikk at han gav etter.

Faren døydde i 1964, og farbrørne Mubarak og Selamat tok over opplæringa. Nusrat hadde sin første offentlege opptreden på førtidagarsmarkeringa etter faren sin død. Han debuterte på radio i mars 1965 under musikkfestivalen Jashn-e-Baharan halden av Radio Pakistan. I 1966 debuterte han som qawwal på konsert med farbrørne.[1]

Nusrat tok over som offisiell leiar for familieensemblet i 1971, då Mubarak Ali Khan døydde. Det tok nokre år for han å gjera seg gjeldande i høve til etablerte qawwaliensemble, men gruppa hans blei godt kjend i Pakistan med «Haq Ali Ali». Nusrat gjorde seg kjend for ein kraftfull, uttrykksfull og uthaldande stemme med eit høgt register. Songaren endra stilen sin etterkvart, mellom anna ved å synga i eit raskare tempo.[1]

Frå 1980-talet byrja Nusrat Fateh Ali Khan turnera i utlandet, først i Storbritannia, der han blei lagt merke til med ein konsert i 1985. Seinare turnerte han i resten av Europa, i USA og Japan.[1]

Nusrat Fateh Ali Khan song i fleire pakistanske filmar, og kort tid før han døydde også i indisk film.[2] På 1990-talet bidrog han til filmmusikken i fleire vestlege filmar, som The Last Temptation of Christ og Natural Born Killers, og i 1995 samarbeidde han med Eddie Vedder om å laga filmmusikken til Dead Man Walking.[2]

Han hadde sitt første fusion-samarbeid med den canadiske gitaristen Michael Brook. Nusrat samarbeidde også mykje med Peter Gabriel, han gav ut både tradisjonell qawwali og eksperimentell musikk på Gabriel sitt plateselskap Real World og song på WOMAD-festivalane, som Gabriel var med på å starta. Nusrat tok del i komponisten Jonathan Elias prosjekt The Prayer Cycle, men døydde før det var ferdig. Han bidrog også til «Gurus of Peace» på A.R. Rahman sitt album Vande Materam til femtiårsdagen for India sitt sjølvstende.

Nusrat var interessert i å spreia musikken sin til eit breidt publikum, på tvers av kultur og religion.[1] Han eksperimenterte med nye tekstar, nye instrument og eit vestleg lydbilde. Han har fått mykje ros for arbeidet, men er også blitt kritisert for å ha spreidd seg for tynt og ha blitt dårleg remiksa. Mange utgjevingar som bruker røysta hans er ikkje blitt godkjende av han.[3]

Etter at han døydde plutseleg har det kome fleire nye utgjevingar som set saman røysta hans med ulik instrumentering. Medan desse kanskje kan kritiserast på same viset, finst det også gode kritikkar av ny musikk han har inspirert.[4]

Privatliv og død[endre | endre wikiteksten]

Nusrat Fateh Ali Khan gifta seg med syskenbarnet sitt, Naheed, i 1979. Dei fekk ei dotter, Nida.

Nusrat leid av lever- og nyresvikt, og døydde i London medan han var undervegs til USA for ein nyretransplantasjon.[2]

Medmusikantar[endre | endre wikiteksten]

I dei 26 åra Nusrat var aktiv samarbeidde han med fleire faste musikantar, mange av dei familiemedlemmer. Gruppa hans var kjend som Nusrat Fateh Ali Khan & Party. To ensemblemedlemmar som var med frå byrjinga til Nusrat døydde i 1997 var Farrukh Fateh Ali Khan og Dildar Hussain. Andre medlemmer var mellom anna:

  • Mujahid Mubarak Ali Khan (syskenbarnet til Nusrat, song)
  • Farrukh Fateh Ali Khan (bror til Nusrat, song og harmonium)
  • Rehmat Ali (song og harmonium)
  • Maqsood Hussain (song)
  • Rahat Fateh Ali Khan (nevø av Nusrat, song)
  • Dildar Hussain (tabla)
  • Majawar Abbas (mandolin, gitar)
  • Mohammed Iqbal Naqbi (koring, og sekretær for gruppa)
  • Asad Ali (koring)
  • Ghulam Farid (koring
  • Kaukab Ali (koring)

Utmerkingar og nemningar[endre | endre wikiteksten]

1987 blei Nusrat tildelt den pakistanske presidentmedaljen for sivile for sitt bidrag til pakistansk musill.[5] I 1995 blei han gjeven UNESCO sin musikkpris.[6][7] Ved Montreal World Film Festival i 1996 blei han tildelt Grand Prix des Amériques for sine framifrå bidrag til filmen..[8] Same året fekk han også Fukuoka-prisen for asiatisk kunst og kulturp.[9]

Nusrat Fateh Ali Khan er blitt omtalt som «sjahensjah-e-qawwali» ('keisaren av qawwali'),[2] æresnemninga Khan Saheb og forkortinga NFAK. Engelske tilnamn er «Elvis of the East», «Bob Marley of Pakistan»[4] og «the Pakistani Pavarotti».[10]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

(Hovudsakleg studioalbum gjevne ut under hans levetid.[11]

  • 1988: In Concert in Paris, Vol. 1 [live]
  • 1988: Shahen-Shah
  • 1990: Mustt Mustt
  • 1991: Magic Touch
  • 1991: Shahbaaz
  • 1991: The Day, The Night, The Dawn, The Dusk
  • 1992: Devotional Songs
  • 1992: Love Songs
  • 1993: Devotional and Love Songs
  • 1993: Ilham
  • 1993: Traditional Sufi Qawwalis: Live in London, Vol. 2
  • 1993: Traditional Sufi Qawwalis: Live in London, Vols. 1 & 2
  • 1994: Pakistan: Vocal Art of Sufis, Vol. 1
  • 1994: Pakistan: Vocal Art of the Sufis, Vol. 2 - ...
  • 1994: Nusrat Fateh Ali Khan & Party
  • 1994: The Last Prophet
  • 1995: Revelation
  • 1995: Back to Qawwalli
  • 1996: In Concert in Paris, Vols. 3-5 [live]
  • 1996: Night Song
  • 1996: Intoxicated Spirit
  • 1996: Mega Star
  • 1996: Prophet Speaks
  • 1997: Live In India
  • 1997: Akhian
  • 1997: Ecstacy [live]
  • 1997: Live in New York City
  • 1997: Farewell Song: Alwadah [live]
  • 1997: In Concert in Paris, Vol. 2 [live]
  • 1997: Oriente/Occidente: Gregorian Chant & Qawwali ...
  • 1997: Star Rise

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]