Nut Rocker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nut Rocker
Singel av B. Bumble and the Stingers
B-side Nautilus
Utgjeve 1962
Sjanger Instrumental rock
Lengd 1:59
Selskap Rendezvous R 166-1 (UK Top Rank Records)
Låtskrivar(ar) Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij, Kim Fowley[1][2]
Produsent Kim Fowley[1]
B. Bumble and the Stingers-kronologi
«Rockin-On'n'-Off»
(1962)
Nut Rocker «Dawn Cracker»
(1962)


«Nut Rocker» er ein instrumental rock-singel spelt inn av det amerikanske instrumental-ensemblet B. Bumble and the Stingers. Singelen nådde 23. plassen på amerikanske Billboard Hot 100 i mars 1962 og gjekk til topps på UK Singles Chart i mai 1962.[3] Instrumentalen er ein versjon av marsjen frå Tsjaikovskij-balletten Nøtteknekkersuiten.[1]

Original innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga vart gjort av husbandet av studiomusikarar i Rendezvous Records i Los Angeles, med trommeslagaren Earl Palmer og gitaristen René Hall, som alt hadde hatt hittar i USA med rocka versjonar av «In the Mood» (1959) og «Bumble Boogie» (1961). «Nut Rocker» vart produsert av Kim Fowley, og sidan Freeman ikkje møtte opp, spelte Al Hazan piano.[4]

I 1962 sikra Fowley seg opphavsretten til eit arrangement av marsjen frå Nøtteknekkersuiten og tok dette til pianisten H.B. Barnum. Barnum spelte han inn som eit stykke av «Jack B. Nimble and the Quicks» på det vesle selskapet Del Rio. Men då Rod Pierce i Rendezvous Records høyrde stykket, overtydde han Fowley om at selskapet hans kunne spele inn ein betre versjon med sitt eige band. Det vart sett i stand ei ny innspeling, men på denne dagen møtte ikkje Ernie Freeman, som hadde spelt piano på «Bumble Boogie», visstnok fordi han hadde vore på fest dagen før. I staden for fekk gitaristen og arrangøren René Hall henta pianisten Al Hazan til kontora til Rendezvous, som var rigga til eit improvisert studio. I følgje Hazan «valte Rod å spele inn det første opptaket medan eg framleis øvde på stykket i lag med dei andre musikarane. Fordi eg hadde så lita tid på å lære meg 'Nut Rocker', var eg ikkje nøgd med spelinga mi på det opptaket. Sjølv om eg bad om å få spele det på nytt, var Rod nøgd med det slik det var.»[5] Songen kom ut som «Nut Rocker» i februar 1962 og nådde 23. plassen i USA og toppen av lista i Storbritannia.[4][6]

Songen er ein rask, livleg versjon og heilt instrumental. Det vart den største hitten til bandet. Singelen kom ut på ny i 1972 i Storbritannia og nådde den gongen 20. plassen i juli.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Då singelen kom ut hadde BBC i Storbritannia ein regel om å bannlyse innspelingar som parodierte klassisk musikk. «Nut Rocker» måtte opp i eit råd som meinte at «denne instrumentalen er openbert ein parodi på dansemelodien til Tsjaikovski, men han er tydeleg efemerisk og vil derfor ikkje støyte fornuftige folk», og songen vart derfor ikkje bannlyst.[7]

Songen har blitt brukt i mange reklameilmar, filmar og fjernsynsprogram som Butcher Boy (1998), Big Momma's House (2000) og TV-serien Hjarte på rette staden i 2006.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Nut Rocker
Singel av Emerson, Lake & Palmer
frå albumet Pictures at an Exhibition
B-side The Great Gates Of Kiev
Utgjeve 1971
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion
Lengd 4:25
Selskap Cotillion
Låtskrivar(ar) Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij, Kim Fowley
Emerson, Lake & Palmer-kronologi
«Stones of Years»
(1971)
Nut Rocker «From the Beginning»
(1972)


Songen vart ofte framført på konsertane til progrockbandet Emerson, Lake & Palmer, og ein versjon vart gjeven ut på singel i 1972. Denne singelen nådde 70. plassen på amerikanske Billboard Hot 100[8] og 92. plassen på Cashbox-lista.[9] Hovudinstrumentet her var ikkje eit piano, men ein Clavinet. I 2009 gav Trans-Siberian Orchestra ut ein versjon av «Nut Rocker», med Greg Lake, på albumet deira Night Castle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 65. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. [1] Arkivert 5. februar 2008 ved Wayback Machine.
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 137. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. 4,0 4,1 «B. Bumble And The Stingers». Rockabillyeurope.com. Henta 24. februar 2020. 
  5. «Nut Rocker». Spectropop.com. Henta 24. februar 2020. 
  6. «The Official UK Charts Company : ALL THE NUMBER 1 SINGLES». Theofficialcharts.com. Henta 24. februar 2020. 
  7. «Unfit for Auntie's airwaves: The artists censored by the BBC - Features - Music». The Independent. 14. desember 2007. Henta 5. april 2014. 
  8. Whitburn, Joel (2011). Joel Whitburn's Top Pop Singles. Menomonee Falls, WI: Record Research Inc. s. 287. ISBN 0898201888. 
  9. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 192. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]