In the Mood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In the Mood
Singel av Glenn Miller
B-side «I Want to Be Happy»
Utgjeve 1939
Sjanger Storband
Lengd 3:32
Selskap RCA Bluebird
Låtskrivar(ar) Wingy Manone (c), Andy Razaf (w), Joe Garland (a)
In the Mood
Singel av Ernie Fields
B-side «Christopher Columbus»
Utgjeve 1959
Sjanger Jazz
Lengd 2:29
Selskap Rendezvous
Låtskrivar(ar) Wingy Manone (c), Andy Razaf (w), Joe Garland (a)
Ernie Fields-kronologi
In the Mood «Begin the Beguine»
(1960)


«In the Mood» er eit kjend musikkverk frå storbandtida av Glenn Miller. Songen låg på toppen av den amerikanske singellista 13 veker i strekk i 1940 og vart eit år seinare nytta i filmen Sun Valley Serenade.

I 1983 vart Glenn Miller-innspelinga frå 1939 innlemma i Grammy Hall of Fame.

I 1999 tok National Public Radio (NPR) innspelinga til Glenn Miller frå 1939 med på lista si over «Dei 100 viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet».[1]

I 2004 vart den same innspelinga innlemma i Library of Congress National Recording Registry i USA som består av innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktig.»

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«In the Mood» opnar med eit kjend saksofontema etterfulgt av to soloar, ein «tenor-kamp» mellom Tex Beneke og Al Klink på tenorsaksofon og ein trompetsolo av Clyde Hurley.[2] Arrangementet har òg ein kjend avslutning med eit coda som klatrar triumferande til ein enkel, lang tone avslutta med eit skarptrommeslag.[3]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

«In the Mood» var eit arrangement av Joe Garland basert på alt eksisterande melodiar. Tekst var skriven av Andy Razaf. Hovudtemaet hadde tidlegare blitt spelt med tittelen «Tar Paper Stomp» av jazztrompetisten og bandleiaren Wingy Manone.[4] Manone spelte inn «Tar Paper Stomp» den 28. august 1930 i Richmond i Indiana og gav han ut p singel på Champion Records som av Barbecue Joe and his Hot Dogs, og igjen i 1935 med Wingy Manone's Orchestra.[5] Innspelinga vart gjeve ut på ny i 1937 av Decca som av Wingy Manone and his Orchestra. Horace Henderson nytta det same riffet i «Hot and Anxious», spelt inn av bandet til broren, Fletcher Henderson and his Orchestra, den 19. mars 1931, som vart gjeven ut av Columbia Records som av the Baltimore Bell Boys. Don Redman spelte inn «Hot and Anxious» i 1932 på Brunswick Records.

I følgje åndsverklovene kunne ein melodi som ikkje var skriven ned og registrert nyttast av alle musikarar med eit godt øyre. Wingy Manone gjorde Joe Garland og forlaget for songen, Shapiro, Bernstein og Company of New York, merksame på likskapen mellom «Tar Paper Stomp» og «In the Mood».[6]

Den første innspelinga av Joe Garland sin versjon av «In the Mood» vart gjort av Edgar Hayes and his Orchestra i 1938, i lag med Garland, og gjeven ut som B-sida til innspelinga deira av «Stardust» på Decca Records. På denne innspelinga var det ein barytonsaksofonduett i staden for ein tenorsaksofon-kamp. Riffet hadde vorte nytta i 1935 på ei innspeling av the Mills Blue Rhythm Band kalla «There's Rhythm In Harlem» gjeve ut på Columbia Records som var komponert og arrangert av Før Garland gav han til Glenn Miller, selde Garland melodien til Artie Shaw i 1938, som valde å ikkje spele han inn fordi det originale arrangementet var for langt. Men han framførte songen på konsertar.[7] Den opphavlege Artie Shaw-framføringa var over seks minuttar lang til laber respons hos publikum.[8] Jerry Gray arrangerte Shaw-versjonen, og vart sidan med i Glenn Miller Orchestra i 1940. Bandet spelte så ein kortare versjon.

Joe Marsala spelte inn ein song kalla «Hot String Beans» på Vocalion i 1938 som òg nytta riffet frå «Tar Paper Stomp».

Wingy Manone spelte inn ein ny song kalla «Jumpy Nerves» den 26. april 1939 som nytta riffet frå «Tar Paper Stomp» og som vart gjeven ut på singel på RCA Bluebird det året.

Melodien vart omsider selt i 1939 til Glenn Miller, som leika seg med arrangementet ei stund. Sjølv om arrangørane for dei fleste av melodiane til Miller er godt kjende, er ting meir uvisst for «In the Mood». Det er ofte trudd[9] at Eddie Durham (som arrangerte andre verk som vart spelt inn same dagen som «In the Mood», 1. august 1939), John Chalmers Chummy MacGregor (pianist, komponist og arrangør i Glenn Miller Orchestra) og Miller sjølv bidrog til den endelege versjonen. I følgje MacGregor var «alt dei nytta av det originale arrangementet var dei to saksofonane i front og eit anna parti som kom seinare i arrangementet.»[10] Både MacGregor og Miller var involvert i det endelege arrangementet av songen: «MacGregor nemnte at dei ekstra soloane var lagt til det originale arrangementet og at han skreiv avslutninga. Miller redigerte truleg noko av arrangementet i lag med MacGregor.»[11][12][13]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarane på innspelinga i 1939[14] den 1. august ved RCA studios i New York var: Glenn Miller, Al Mastren og Paul Tanner på trombonar; Clyde Hurley, Lee Knowles og Dale McMickle på trompetar; Wilbur Schwartz på klarinett; Hal McIntyre på altsaksofon; Tex Beneke, Al Klink og Harold Tennyson på tenorsaksofon; Chummy MacGregor på piano; Richard Fisher på gitar; Rowland Bundock på kontrabass og Moe Purtill på trommer.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Glenn Miller sin «In the Mood» vart den bestseljande swing-instrumentalen.[3] Sjølv om han utan tvil var ein hit, er ikkje alle liste-entusiastar samde om kor stor hit han var. «In the Mood» kom ut i tida like før salslistene i Billboard starta. Han låg på toppen av Record Buying Guide (jukeboks-lista) i 13 veker og låg på Billboard-listene i 30 veker, så nådde han aldri topp 15 på noteark-lista, som av mange vert rekna som det verkelege målet på kor populær ein song var. Det populære programmet Your Hit Parade rangerte aldri songen høgare enn niandeplassen (1940).

Glenn Miller-innspelinga frå 1939 på RCA Bluebird, B-10416-A, vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1983. Han er ein av dei mest kjende og populære instrumentalane på 1900-talet. Ein sample frå innspelinga kan høyrast på The Beatles-singelen «All You Need is Love», og i Jive Bunny and the Mastermixers-hitten «Swing the Mood».

Songen vart nytta i filmen Sun Valley Serenade i 1941, The Glenn Miller Story i 1953 og i The Way We Were, Woody Allen-filmen Radio Days, 1941, Wild at Heart, Hope and Glory, Dorian Blues, The Philadelphia Experiment, The Marriage of Maria Braun, Shining Through, The Radioland Murders, The Black Dahlia og Narnia: The Voyage of the Dawn Treader. Han er òg blitt nytta i fjernsynsseriane The Simpsons, The Golden Girls, Dancing with the Stars, 90210, 'Scrubs og Dr. Who.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjende artistar som har spelt inn storbandversjonar av «In The Mood» er mellom andre Harry James i 1964, Joe Loss and his Orchestra, Xavier Cugat, Tommy Dorsey, Duke EllingtonEllington '55, Benny Goodman i november 1939 på radioprogrammet Camel Caravan, Ray Anthony, Frankie Carle, Artie Shaw, The Casa Loma Orchestra, Lubo D'Orio, The Brian Setzer Orchestra, The Shadows, John Williams med Boston Pops Orchestra, Sid Ramin, Nappy Lamare, Paul Kuhn, James Last, Doc Severinsen, Al Donahue med Paula Kelly på vokal, The Four King Sisters med Alvino Rey, The Six Swingers og Bert Kaempfert.[15]

Andre utgåver er spelte inn av the Andrews Sisters i 1952 på albumet Sing, Sing, Sing og singel, Jerry Lee Lewis, Chet Atkins, Bill Haley & His Comets, Bad Manners og the Puppini Sisters.

Ein versjon av Johnny Maddox nådde 16. plassen på singellista i USA i 1953. I 1959 klatra ein versjon av Ernie Fields and his Orchestra til fjerdeplassen på poplista og sjuandeplassen på R&B-lista.[16] Jonathan King fekk ein hit i Storbritannia med sin versjon av songen i 1976.

Aloisio de Oliveira skreiv i 1950-åra ein komisk portugisisk tekst til songen, kalla «Edmundo». Denne versjonen vart spelt inn av artistar som Elza Soares og João Penca e Seus Miquinhos Amestrados.

I 1951 spelte datamaskinen Ferranti Mark 1 ved University of Manchester «In the Mood», ein av dei første songane som vart spelt av ein datamaskin og noko av den aller første musikken som vart skapt digitalt.[17]

Jive Bunny and the Mastermixers spelte ein versjon av songen som ein del av ein medley kalla «Swing the Mood». Denne låg fem veker på toppen av den britiske singellista i 1989. Songen nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 i USA. Han var den nest mestseljande songen i Storbritannia i 1989.

Bluesartisten John Lee Hooker har sagt at «In the Mood» var inspirasjonen til hans «I'm In the Mood» som gjekk til topps på R&B-lista i USA.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NPR 100. The 100 most important American musical works of the 20th Century.
  2. Oliphant, Dave (15. juni 2010). «Hurley, Clyde Lanham jr.». Handbook of Texas Online. Texas State Historical Association. Henta 15. februar 2015. With Miller Hurley was recorded playing perhaps the orchestra's most famous solo, the one for trompet on Miller's «In the Mood." 
  3. 3,0 3,1 Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854.  Tape 2, side A.
  4. Updike, John (2008). The Widows of Eatwick. New York, NY: Ballantine Books.
  5. Wingy Manone. Red Hot Jazz.
  6. Sullivan, Steve (2013). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings, Volume 2. Lanham, MD: Scarecrow Press, s. 50-51.
  7. Rickert, David (27. desember 2005). «Glenn Miller: In the Mood". All About Jazz.
  8. Sullivan, Steve (2013). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings, Volume 2. Lanham, MD: Scarecrow Press, s. 50.
  9. Flower, John (1972). Moonlight Serenade: a bio-discography of the Glenn Miller Civilian Band. New Rochelle, NY: Arlington House, pages 79-81. ISBN 0-87000-161-2
  10. Flower 1972, s. 79-81.
  11. Flower 1972, s. 79-81.
  12. Sullivan, Steve (2013). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings, Volume 2. Lanham, MD: Scarecrow Press, s. 50-51.
  13. Grudens, Richard (2004). Chattanooga Choo Choo: The Life and Times of the World Famous Glenn Miller Orchestra. Stonybrook, NY: Celebrity Profiles, s. 198.
  14. Jasen, David A. (2003). Tin Pan Alley: An Encyclopedia of the Golden Age of American Song. New York, NY: Routledge.
  15. Second Hand Songs.
  16. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 201. 
  17. BBC World 17. juni 2008, Oldest computer music unveiled
  18. The Very Best of John Lee Hooker. Rhino Records R2 71915. Liner Notes, Pg.6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]