Hopp til innhald

Oddmund Løkensgard Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om Hoel frå Senterpartiet. For Hoel frå Venstre, sjå Oddmund Hoel.
Oddmund Løkensgard Hoel

Fødd8. november 1968 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkelingvist, politikar, redaktør
InstitusjonarHøgskulen på Vestlandet
Utdanna vedDet humanistiske fakultet
MorTorlaug Løkensgard Hoel
Alle verv
  • statssekretær (Kunnskapsdepartementet, 2021–2024)
  • Norges forsknings- og høyere utdanningsminister (2024–) Sjå dette på Wikidata

Oddmund Løkensgard Hoel (fødd 8. november 1968) er ein norsk språkforskar og forfattar, og dessutan politikar for Senterpartiet. Han er forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre frå 23. januar 2024.[1][2]

Hoel var leiar i Noregs Mållag i perioden mellom 1999 og 2002.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Hoel er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag og skreiv hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996). Hoel har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, og hadde ansvar for lærebøker for høgare utdanning (humaniora), ordbøker og språkteknologi.

Hoel var doktorgradsstipendiat i historie ved Høgskulen i Volda 2003–2007, og tok doktorgraden (ph.d) i historie i 2009, med doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Han har sidan 2007 vore tilsett som høgskulelektor/førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2017 Høgskulen på Vestlandet.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Hoel var kommunestyrerepresentant i Luster kommune 2019–2023. I oktober 2021 vart han tilsett i Kunnskapsdepartementet som statssekretær for Ola Borten Moe, og seinare Sandra Borch. Den 23. januar 2024 vart han sjølv utnemnd til forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre, etter at Borch gjekk av som statsråd.[1][3]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1998 – Jakten på det norske : perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet (Oslo: Ad notam Gyldendal). ISBN 82-417-0952-8 I fulltekst ved nb.no  [Red.: Øystein Sørensen. Av innhaldet: Ivar Aasen som opposisjonell nasjonalist / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 303-320]
  • 2005 – Lokale røyster i 1905 : unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet (Volda: Høgskulen i Volda). ISBN 82-7661-228-8 I fulltekst ved nb.no  [Red.: Kari A. Hasle, Jens Johan Hyvik, Harald E. Tafjord. Av innhaldet: 1905 i Sogn / Oddmund Løkensgard Hoel]
  • 2013 – 'Der var ruskut å leggja utpå' : ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur (Oslo: Novus). ISBN 978-82-7099-716-9  [Red.: Jens Johan Hyvik og Stephen Walton. Av innhaldet: Eit maskulint prosjekt? : kjønnsperspektiv på målreisinga 1885-1940 / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 83-100]
  • 2017 – Fjordfylket på nye vegar, 1875-1945 (Bergen: Fagbokforlaget). ISBN 9788245019162  [Soga om Sogn og Fjordane, band tre]
Referansar
  1. 1,0 1,1 Espen Alnes; Ola Mjaaland; Kristian Skårdalsmo & Julianne Flølo. «Oddmund Løkensgard Hoel utnemnd til ny statsråd». NRK. Henta 23. januar 2024. 
  2. «Endringar i regjeringa». Regjeringen. Henta 23. januar 2024. 
  3. «Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp)». Kunnskapsdepartementet. Henta 23. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]