Nype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heile og langsskorne nyper.

Nype eller hjupe er ei falsk frukt danna av plantar i roseslekta, som nyperose. Nyper er avrunda, krukkeaktige stengeldelar med glatt utside som typisk er raudleg eller oransje. På innsida av det kjøtfulle skalet sit fleire små nøtter. Nyper har ein karakteristisk sursøt smak og blir mellom anna brukte til saus, suppe, syltetøy og til å laga te og vin. Nyper har eit særs høgt innhald av vitamin C. Dei har lenge blitt brukt innan urtemedisin mot mellom anna forkjøling og betennelse. Nyper kan tørkast og knusast til nypepulver som også inneheld mykje C-vitamin. C-vitamininnhaldet i 100 gram etande nype er 840 mg og 270 mg i nypepulver.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nype

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«nype» i Store norske leksikon, snl.no.