Obsidian
| Obsidian | |||
| | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Vulkansk glas | ||
| Kjemisk formel | 70–75% SiO2, pluss MgO, Fe3O4 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Mørk svart | ||
| Brot | Muslig | ||
| Mohs hardleiksskala | 5–6[1] | ||
| Glans | Glasaktig | ||
| Spesifikk vekt | ~2,4[2] | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Gjennomsiktig | ||
| Kjelder | [3] | ||
Obsidian er ein bergart som òg vert kalla naturleg glas som har same samansetnad som rhyolitt. Han er ei ikkje-krystalinsk omforming av lava saman med andre stoff som har vorte kjapt avkjøla etter vulkansk aktivitet. Hovudinnhaldet i obsidian er SiO2 (silika).
Lavamasser som er rike på silika størknar ofte som glasbergarter som inneheld meir eller mindre vatn. Vassfattige varietetar blir kalla obsidian og splintrar opp i skarpkantede svarte eller mørke flak med gjennomskinnelege kantar. Vassrike (opptil 10 % vatn) kallast bekstein, medan dei skumaktig porete og oppblåste blir kalla pimpstein. Vulkansk glas med konsentrisk oppsprekking (pga kontraksjon ved avkjøling) vert kalla perlitt.

Obsidian har namnet etter ein person i antikkens Roma, Obsius, som fann slikt naturleg glas i Etiopia og tok det med heim. Men arkeologiske funn frå steinalderen i Mellom-Austen og funn på det amerikanske kontinentet syner at obosidian har vore kjend i uminnelege tider som eit framifrå råstoff til å lage pilspissar og skjerereiskap av, då det lett kan spaltast til skarpe flak som om naudsynt kan verte så tynne at dei har vore nytta i moderne tid som blad til skalpellar (operasjonsknivar).
I Norden er obsidian funne på Island, framfor alt i Landmannalaugar, men òg fleire andre stader. Det islandske namnet for obsidian er hrafntinna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Obsidian», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 1. desember 2013
- ↑ Peter Roger Stuart Moorey (1999). Ancient mesopotamian materials and industries: the archaeological evidence. Eisenbrauns. s. 108–. ISBN 978-1-57506-042-2.
- ↑ Geological Survey (U.S.) (1981). Geological Survey (U.S.). The Survey. s. 185–.
- ↑ Obsidian. Mindat.org