Odd Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Iversen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1945
Trondheim
Død

29. desember 2014 (69 år)
Trondheim

Yrke fotballspelar

Odd Iversen (6. november 194529. desember 2014)[1] var ein norsk fotballspelar kjend som «Ivers». Han var ein av Noregs beste fotballspelarar gjennom tidene, og hadde erfaring frå både norsk, og belgisk toppdivisjon.

Iversen var fødd i Trondheim. Han kom til Rosenborg frå klubben Trond i 1964. Rosenborg rykte opp i toppserien (dåverande 1. divisjon) i 1967, og Odd Iversen blei toppskårar i serien tre år på rad med heile 73 mål på 54 kamper. Han hadde landslagsdebuten sin i ein landskamp mot Finland 1. juni 1967 (Resultat: 2–0). Våren 1970 blei han saman med Harald Sunde utanlandsproff i den belgiske klubben Racing Mechelen, der han spelte fram til 1973. Han sleit med ein skade som ikkje blei helt bra. Før han blei skada stod han øvst på ønskelista til den belgiske toppklubben Anderlecht, som nr 2 på lista hadde dei den legendariske vingen Johan Cruyff. Odd Iversen spelte deretter for Rosenborg fram til 1975, då han gjekk til Vålerenga, der han blei i fem år. Han avslutta karrieren som fotballspelar i Rosenborg, frå 1980 til 1982.

«Ivers» fekk 45 landskamper og han skåra 19 mål for Noreg.

Odd Iversen er far til landslagsspelaren Steffen Iversen.

Odd Iversen svevna stille inn på Øya Helsehus i Trondheim, etter ein periode med sjukdom.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Odd Iversen er død». Dagbladet (Dagbladet). 29. desember 2014. Henta 29. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]