Odd Jan Sandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Jan Sandsdalen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. juni 1944 (74 år)
Yrke Skodespelar, sceneinstruktør
Periode 1969-
Far Halvor J. Sandsdalen
Mor Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Debut Konfidensielt

Odd Jan Sandsdalen (fødd 29. juni 1944)[1] er ein norsk forfattar, skodespelar, sceneinstruktør og redaktør.

Sandsdalen er fødd i Seljord og er no busett i Thailand[1] der han er redaktør for månadsmagasinet Nordic i Thailand.[2] Han er utdanna skodespelar frå Statens teaterhøgskole (1965-68) og har arbeidd som sceneinstruktør[2] og spelt i filmane Himmel og helvete (1969)[3], En dag i Ivan Denisovitsj' liv (1970)[4] og Dagny (1977).[5][6] Frå 1968 til 1977 var han skodespelar ved Det Norske Teatret. Han har arbeidd som frilansar i NRK og bokmeldar i Arbeiderbladet, Varden og Telemark Arbeiderblad.[7]

Som forfattar debuterte han i 1969 med diktsamlinga Konfidensielt og har sidan fått utgjeve ei rekkje bøker. Han er son til forfattaren Ingebjørg Kasin Sandsdalen og forfattaren, journalisten og folkeminnesamlaren Halvor J. Sandsdalen[8], og har redigert ei bok med utvalde dikt av faren. Han sat i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening frå 1984.[7]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 – Konfidensielt – diktsamling
  • 1970 – Reise i tid – diktsamling
  • 1975 – Miriam – roman
  • 1978 – Ei utstrekt hand er ei halv stjerne – diktsamling
  • 1981 – Det står ein regnboge spen – diktsamling
  • 1982 – Eskild – roman
  • 1985 – Rom - vegger - vindauge – diktsamling
  • 1986 – Snart skal Lise gråte – novellesamling
  • 1987 – Skuggane grip sine svarte penslar – diktsamling
  • 1989 – Tre dikt – diktsamling
  • 1990 – Intenst i kvart sekund - Seléne – diktsamling
  • 1992 – Gaias bleikblå mantel – diktsamling
  • 1996 – Lyset er så bløtt i desember – diktsamling
  • 2000 – Monsunregnet legg ned trommestikkene sine – diktsamling

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Sandsdalen, Odd Jan»». Telemarksportalen. Henta 1. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 ««NIT mottok plakett fra Pattaya Politisjef Pol. Col. Nopadol Wongnorm»». Nordic i Thailand. Henta 1. april 2012. 
  3. Lars Thomas Braaten, Jan Erik Holst, Jan H. Kortner et.al., red. (1995). «Himmel og helvete». Filmen i Norge : norske kinofilmer gjennom 100 år. Oslo: Ad Notam Gyldendal. s. 280. ISBN 8241701950. 
  4. Lars Thomas Braaten, Jan Erik Holst, Jan H. Kortner et.al., red. (1995). «En dag i Ivan Denisovitsj' liv». Filmen i Norge : norske kinofilmer gjennom 100 år. Oslo: Ad Notam Gyldendal. s. 288. ISBN 8241701950. 
  5. Lars Thomas Braaten, Jan Erik Holst, Jan H. Kortner et.al., red. (1995). «Dagny». Filmen i Norge : norske kinofilmer gjennom 100 år. Oslo: Ad Notam Gyldendal. s. 343. ISBN 8241701950. 
  6. ««Odd Jan Sandsdalen»». imdb.com. Henta 1. april 2012. 
  7. 7,0 7,1 Herman Berthelsen, red. (1987). «Sandsdalen, Odd Jan». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 366. ISBN 820910426-8. 
  8. ««Halvor J. Sandsdalen»». Telemarksportalen. Henta 1. april 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]