Oddbjørn Engvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddbjørn Engvold

Oddbjørn Engvold i 2003
Fødd7. april 1938
Askim kommune
NasjonalitetNoreg
Områdeastronomi, fysikk
Yrkeastronom, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Den internasjonale astronomiske unionen

Oddbjørn Engvold (fødd 7. april 1938) er ein norsk astronom.

Engvold har hovudsakleg forska innafor fagfelta sol- og stjernefysikk og han var i ein periode aktivt engasjert innan astronomisk teleskopteknologi. Han har publisert fleire vitskapelege arbeid, dei fleste innan solfysikk, og (saman med Eberhart Jensen) og skrive ei lærebok: Solen (1977).

Engvold vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1989 og var vitskapleg prosjektleiar (direktør) for LEST Foundation frå 1986, president i IAU Division for Sun and Heliosphere frå 1994, styremedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi 1993–1998og , generalsekretær i Den internasjonale astronomiske unionen 2003–2006 og leiar for Det Norske Videnskaps-Akademis internasjonale komité for Kavliprisen i astrofysikk frå 2008 til 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]