Den internasjonale astronomiske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den internasjonale astronomiske unionen
IAU logo.svg
Skipa28. juli 1919; 99 år sidan (1919-07-28)
HovudkontorParis
Medlemmer79 nasjonale medlemmer
12 664 individuelle medlemmer[1]
Nettstadhttp://www.iau.org/

Den internasjonale unionen (International Astronomical Union, IAU) foreiner dei nasjonale astronomiforeningane fra heile verda. Han er medlem i Det internasjonale forskingsrådet (ICSU). IAU er den einaste autoriteten for namngjeving av stjerner, planetar, asteroidar og andre himmellekamar og -fenomen.

Arbeidsgrupper internt er mellom anna Arbeidsgruppa for namngjevingar i planetsystem (WGPSN), som styrar namnekonvensjonane til IAU for lekamar av planetstorleik.

IAU er au ansvarleg for systemet med Astronomiske telegram, sjølv om han ikkje driv det.

IAU blei danna i 1919, som ei samanslutning av diverse nasjonale prosjekt. Desse prosjekta var til dømes Carte du Ciel, Solunionen og Det internasjonale tidsbyrået (Bureau International de l'Heure). Den fyrste leiaren var Benjamin Baillaud. Noreg har vore medlem sidan 1922.

IAU har per i dag 9040 individuelle medlemer, det vil seie profesjonelle astronomar (hovudsakleg) på doktorgradsnivå og 63 nasjonale medlemer (med andre ord land som er tilknytte IAU). 87 % av medlemene er mannlege, 13% kvinnelege. Den norske astronomen Oddbjørn Engvold var generalsekretær i IAU i perioden 2003–2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fienberg, Rick (14. august 2015). «A New Tally of Individual IAU Members» (PDF). Kai'aleleiaka. s. 3. Henta 11. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]