Birger Ruud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Birger Ruud
Birger Ruud2.png
Fødd 23. august 1911
Kongsberg
Død

13. juni 1998
Kongsberg

Birger Ruud på Commons

Birger Ruud (23. august 191113. juni 1998) var ein norsk skihoppar og alpinist.

Birger Ruud blei rekna for å vera verdas beste skihoppar i åra før den andre verdskrigen. I 1931, 1935 og 1937 blei han verdsmeister i hopp, og tok OL-gull i denne øvinga i 1932 og 1936 (232 poeng, 20. februar). Han blei tildelt Holmenkollmedaljen saman med Olaf Hoffsbakken og Martin Peder Vangli i 1937.

I 1943 blei Ruud sett i tysk fangeleirGrini ved Oslo. Etter krigen deltok han, 36 år gammal, i OL i 1948, og tok sølvmedalje i det spesielle hopprennet.

I 1991 blei Birger Ruud tildelt Egebergs Ærespris. Ved opninga av vinter-OL 1994Lillehammer skulle Birger Ruud vore norsk flaggheisar, men før opningsseremonien fekk Ruud hjarteproblem, og blei køyrd til sjukehus.

I Kongsberg er det reist ein bronsestatue av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!