Oksana Khvostenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oksana Khvostenko
Verkeleg namn Оксана Юріївна Хвостенко
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 27. november 1977
Tsjernihiv
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Oksana Jurijivna Khvostenko (fødd 27. november 1977) er ein ukrainsk tidlegare skiskyttar frå Tsjernihiv. Ho vann to stafett-sølv i VM 2003 og 2008, og to individuelle bronsar, begge ved VM i skiskyting 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Khvostenko debuterte i verdscupen i skiskyting 1996. Ho stod fyrste gongen på sigerspallen i verdscupen då eit ukrainsk stafettlag kom på andreplass i Lake Placid i 1999. I individuelle tevlingar måtet ho vente til desember 2006 før ho kunne klive på pallen, ho vart då nummer tre på 15 km i austerrikske Hochfilzen. Vel ein månad seinare, 21. januar 2007 i Pokljuka i Slovenia, vann ho fellesstarten etter prikkfri skyting, hennar einaste internasjonale siger.

Khvostenko gjekk startetappen då Ukraina sitt kvinnelag sikra seg sølvmedaljen på 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2003 i russiske Khanty-Mansijsk. Fem år seinare, under VM 2008 i Östersund, plussa Khvostenko på tre med fleire internasjonale medaljar. Både på 7,5 km og 15 km kom ho i mål til bronsemedaljar, og på stafetten fekk ho sølv, som sist i lag med Oksana Jakovleva, medan systrene Vita Semerenko og Valj Semerenko var ikkje med på 2003-laget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar