Oku Onuora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oku Onuora
Fødenamn Orlando Wong
Fødd 9. mars 1952 (67 år)
Kingston på Jamaica
Yrke skribent

Oku Nagba Ozala Onuora (fødd Orlando Wong9. mars 1952) er ein jamaicansk dub-poet, kjend som «faren til jamaicansk dub-poesi».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Onuora vart fødd som Orlando Wong i Kingston på Jamaica.[1] Han voks opp i slumområda i Franklin Town aust i Kingston, og fekk uformell opplæring av ein rastafarianar kalla Negus.[1]

Wong hadde ein opprørsk natur som gjorde at han tok del i demonstrasjonar mot politivald og måla slagord på veggar.[2] Etter at ein skule og samfunnshus i nærområdet kom i økonomiske vanskar byrja Wong ei slags geriljaverksemd med base i åsane rundt Kingston, og utførte mellom anna våpna ran.[1] Etter eit av desse rana, av eit postkontor, blei Wong fanga og dømd til 15 år i fengsel i 1970.[1][3] Han prøvde å rømma to gonger — ved det første forsøket blei han skotenn fem gonger av politiet — var med på å starta eit fangeopprør, og kjempa for fengselsreform. Etterkvart blei Wong klassifisert som ein risikofange, og underlagd det strenge fangeregimet ved Fort Augusta Prison.[1][2][4]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Han byrja å skriva poesi i 1971.[5] I 1974 blei han den første fangen som fekk løyve til å opptre med eit reggaeband då Cedric Brooks si gruppe The Light of Saba opptredde i fengselet.[1] Etter opptredenen blei diktinga erklært undergravande, og konfiskert.[1] Wong rekna seg sjølv som ein politisk fange,[5] og fortsette å skriva. Dikta hans fann eit vidare publikum etter å ha blitt smugla ut av fengselet, og blei lagt merke til av jamaicanske forfattarar, særleg professor Mervyn Morris ved University of the West Indies. Ved Jamaica Literary Festival i 1976 vann dikta hans tre prisar.[1][4] I 1977 fekk han permisjon frå fengselet for å lesa opp dikt ved Tom Redcam Library. Dette året blei også fleire av diktga hans gjevne ut i riksaviser, som Daily Gleaner og Jamaica Daily News.[1][4] Skodespelet hans Confrontation blei framført på JBC radio, og Morris hjelpte til med å få den første diktsamlingahans, ECHO utgjeven av Sangsters i 1978.[1]

Etter ein kampanje av kulturpersonar, studentar og menneskerettsforkjemparar blei Wong lauslaten frå fengsel 1. september 1977 etter ei benåding frå statsadvokaten Carl Rattray, som sjølv var ein diktar. Han blei gjeven eit stipend til Jamaica School of Drama, men forlét skulen etter eit år.[1]

I 1978 endra Wong namnet sitt til Oku Onuora før giftarmålet sitt med Adugo (fødd Phyllis Ranglin). Dei tok namn frå igbospråket frå Søraust-Nigeria. Oku tyder 'eld, lys' medan Onuora tyder 'røysta til folket'. Det fulle namnet hans, Oku Nagba Ozala Onuora, kan omsetjast til 'evigvarande eld eller lys som brenn opp undertrykking'.[6] SAman med Adugo grunna Onuora Prugresiv Aartis Muvmant.[1]

I 1978 opptredde Onuora og Mikey Smith, ein annan dub-poet, ved World Festival of Youth and Students på Cuba. Opptredenen inspirerte Lillian Allen, som drog tilbake til Canada og skipa ei dub-poesi-rørsle der.[1][4]

Singelen Reflections in Red var den første musikalske utgjevinga til Onuora, og den første dub-poesi-innspelinga på Jamaica. Han blei spelt inn med Aston og Carlton Barrett frå The Wailers ved Tuff Gong studios og gjeven ut i 1979 på Bob Marley sitt plateselskap 56 Hope Road.[5]

Onuora turnerte mykje i Europa, og blei vener med jamaicansk-britiske Linton Kwesi Johnson. Han gav ut sitt første album, Pressure Drop, i Frankrie på Blue Moon Music og i USA på Heartbeat Records i 1986. Han turnertei USA og Frankrike med bandet sitt AK7 (Armageddon Knights Column 7), og opptredde mellom anna ved Angoulême jazzfestival i Frankrike.

På slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet konsentrerte Onuora seg om å skriva og regissera skodespel. Seinare vende han tilbake til poesi og musikk, og spelte inn fleire instrumentale dub-album, med musikaren Courtney Panton.[7]

I 2010 kunngjorde Onuora at han skulle gje ut eit nytt album, og planla å byrja opptre igjen.[6] A Movement kom ut i mai 2013, med bidrag frå pianisten Monty Alexander og Sly and Robbie. Det var dedisert til kona Adugo Ranglin-Onuora, som døydde i juli 2011.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Pressure Drop (1984), Blue Moon – Oku Onoura & AK7, seinare gjenutgjeve av Heartbeat
  • New Jerusalem Dub (1991), ROIR
  • I a Tell Dubwise and Otherwise (1993), ROIR
  • Dubbin Away (1999), ROIR
  • Overdub: Tribute to King Tubby (2000), ION
  • Bus Out
  • A Movement (2013), Music Art Network
  • I've Seen (2019), Fruits Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Habekost, Christian (1993) Verbal Riddim: Politics and Aesthetics of African-Caribbean Dub Poetry, Rodopi B.V. Editions, pp. 19–22, ISBN 978-90-5183-549-6.
  2. 2,0 2,1 Brennan, Sandra Oku Onuora Biography, Allmusic, Macrovision Corporation, henta 20. desember 2009
  3. Elliott, Lianne (2005) "Dub poetry mirrors rhythms of life", The Record, 1. november 2005.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Walker, Klive (2006), Dubwise: Reasoning from the Reggae Underground, Insomniac Press, s. 166–168, ISBN 978-1-894663-96-0.
  5. 5,0 5,1 5,2 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, s. 212, ISBN 0-7535-0242-9.
  6. 6,0 6,1 Campbell, Howard (2010) "Oku still rebelling against the system", Jamaica Gleaner, 28. mars 2010, henta 31. mars 2010.
  7. Moskowitz, David V. (2006), Caribbean Popular Music: an Encyclopedia of Reggae, Mento, Ska, Rock Steady, and Dancehall, Greenwood Press, pp. 225–226, ISBN 0-313-33158-8.
  8. Campbell-Livingston, Cecelia (2013) "New Movements From Oku", Jamaica Observer, 22. mai 2013. Retrieved 15 June 2013.