Ole Christian Sand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Christian Sand
Fødd13. februar 1854
Romedal
Død13. desember 1925
Fredrikshald
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkefanejunker, handelsmann, politikar

Ole Christian Sand (13. februar 185413. desember 1925) var ein norsk underoffiser og stortingsmann frå Romedal i Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Sand var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han underoffiserskulen i Fredrikshald, der han tok eksamen i 1875 og var sersjant året etter. Sidan vart han forfremja til kommandersersjant i 1890 og til fanejunker i 1895. I 1914 slutta han ved Fredrikshald underoffiserskule, etter 28 års teneste.

Sand var mellom 1904 og 1922 i mange år medlem av bystyret i Fredrikshald. I perioden 1906-09 var han einmannskrinsen Fredrikshald sin representant til Stortinget. Han var medlem av militærkomiteen. Valperioden 1916-18 var han 1. varamann frå Fredrikshald på tinget, møtte heilt på tampen av både 1916- og 1918-sesjonen.

Han døydde i Halden i 1925.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]