Ole Johan Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Johan Olsen
Fødd 6. desember 1884
Kristiansand
Død

31. mai 1939

Yrke politikar

Ole Johan Olsen (6. desember 188431. mai 1939) var ein norsk hamne- og transportarbeidar frå Kristiansand som representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1928-39.

Olsen var son til ein brannkonstabel. Frå 1898 arbeidde han i ei fiskeforretning i heimbyen. Deretter var han losse- og lastearbeidar frå 1910. Han var så forretningsførar for hamnearbeidarane i Kristiansand frå 1920 til han døydde.

Frå 1913 til 1937 var Olsen vedvarande medlem i formannskapet i Kristiansand. Han var elles formann i to år, og medlem av hovudstyret i Norsk Transportarbeiderforbund frå 1915. Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, og sidan attvald tre gongar, heile tida for Arbeidarpartiet. I tida 1928-39 var han då på Tinget medlem 1928-30 i Post- og telegrafkomiteen, 1931-33 i Veg- og jarnbanekomiteen og frå 1934 til han døydde i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]