Ole Konrad Ribsskog
Ole Konrad Ribsskog | |
![]() | |
Fødd | 8. desember 1865 Flatanger |
---|---|
Død | 26. januar 1941 (75 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, overlærar |
Verv | Ordførar i Trondheim 1917–1919 |
Føregangar | Odd S. Klingenberg |
Etterfylgjar | Einar Dahl |
Ole Konrad Ribsskog (8. desember 1865–26. januar 1941) var ein norsk skulemann og politikar som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget valbolken 1913-15.
Ribsskog var son til ein gardbrukar i Flatanger i Nord-Trøndelag. Han vart utdanna lærar frå Klæbu seminar i 1887, og arbeidde som lærar og kyrkjesongar i Flatanger, Spydeberg og Drøbak til han i 1893 vart tilsett ved folkeskulen i Trondheim. Frå 1918 var han skuleinspektør i Trondheim kommune. Han var medforfattar til Trondhjems folkeskoles historie 1754-1911.
Ribsskog var perioden 1913-15 innvald på Stortinget frå valkrinsen Bakklandet i Trondheim. Åra 1917–19 var han den fyrste Arbeidarparti-ordføraren i Trondheim, medlem av formannskapet var han frå 1907. Han var medlem av den statlege Skulekommisjonen av 1920. Ved kløyvinga av Arbeidarpartiet i 1921 melde han seg inn i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, og var med i det partiet til partisamlinga i 1927.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1959
- Biografisk informasjon om Ole Konrad Ribsskog NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv